Helsefagarbeidar - 100 % fast
Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os
- Frist 03.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Helsefagarbeidar - 100 % fast
Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette for oss!
Heimetenester Os har ledig 2 faste stillingar som Helsefagarbeidar i Ressursbemanningsavdelinga. Stillingaene er i turnus med arbeid på helg, etter gjeldande turusavtale.
Heimesjukepleien er ein kjekk arbeidsplass der du får arbeide med flotte medarbeidare. Vårt mål er at alle brukare skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart.
Vi ønskjer ein fleksibel og løysningsorientert medarbeidar, og håpar at du vil vera med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling.
Arbeidsstad
Heimetenester Os, Ressursbemanningsavdelinga
Arbeidsoppgåver
- Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
- Delta i utarbeiding av gode system og rutinar
- Dokumentera helsehjelp i Profil
- Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde
- Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
- Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert
I Ressursbemanningsavdelinga må ein kunne arbeide på tvers av alle avdelingar, avhengig av kvar behovet er størst. Det er difor viktig å ha eit godt samarbeid mellom alle avdelingane.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Førarkort kl. B.
- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå.)
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør
- Evne til å møte andre på ein respektfull måte, brukaren sin heim er vår arbeidsplass
- Du må vera fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande
- Kan jobbe både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Holen 1, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Nøkkelord
Helsefagarbeider, Ressursbemanning, Hjemmetjeneste, Helse, Os
Annonseinformasjon
- FINN-kode 371411133
- Sist endret