Rektor, Bryne ungdomsskule
Time kommune
- Frist 13.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Rektor, Bryne ungdomsskule
Me søker etter ny rektor til Bryne ungdomsskule som kan leia den gode skulen vår vidare.
Bryne ungdomsskule ligg sentralt plassert i Bryne sentrum i godt naboskap med Bryne skule og Bryne kompetansesenter. Me søker ein rektor som vil leia med varme og blikk for alt det fantastiske som skjer i skulekvardagen.
Du liker å jobba systematisk, og trivst med å analysera data som er tilgjengeleg for å følgja elevane og organisasjonen si læring, samtidig som du kan senka skuldrene og bli med på drøsen på personalrommet. Saman med leiarteamet og tillitsvalde planlegg du for prosessar i personalet som gjev retning og utviklar "vi-kulturen" til det beste for elevane og for dei tilsette. Med på laget får du eit kompetent personale med sterk stå på-vilje og masse humor.
Du vil bli kjent med 330 flotte elevar frå 8.-10. trinn og innføringsklassane våre. I møte med foreldre og dedikerte representantar i FAU, vil du bli engasjert, utfordra og heia på. Skulen er opptekne av, og arbeider mykje med relasjonar, anti-mobbearbeid og klasseleiing. Alle elevane får kurs i livsmeistring, og skulen har eit aktivt elevråd som er med på å prega skulekvardagen.
Du vil garantert kjenna at du lever kvar dag, og du vil mest sannsynleg ikkje gå ut på dato, takka vera ny kunnskap som lærarstudentane frå UiS tek med til skulen vår gjennom praksisordninga.
Det store oppdraget og målet i oppvekst i Time er at elevane skal fullføra vidaregåande opplæring for vidare utdanning og arbeid. Sjølv om det er eit stykke fram til elevane på Bryne ungdomsskule skal fullføra vidaregåande opplæring, er kvar dag ein god dag for livet her og nå, og eit grunnlag for at elevane skal lukkast når dei går vidare. Formålet i skulen er danning og utdanning, og dette ansvaret kan ikkje du som rektor og lærarane bæra åleine. På Bryne ungdomsskule har du som rektor med deg det tverrfaglege teamet "Laget rundt læraren og eleven", som består av sosialrådgjevar, spesialpedagogisk koordinator, operativ sosialfagleg ressursperson, helsesjukepleiar og PPT-kontaktperson. Laget samarbeider tett i arbeidet med førebyggande tiltak, og bistår skulen med å løysa utfordringar.
Som del av eit større nettverk er Timeskulen ein del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Klepp og Gjesdal. Her er Bryne ungdomsskule i leiarnettverk med Lye ungdomsskule, Klepp ungdomsskule og Nærbø ungdomsskule.
Arbeidsoppgåver
Du får overordna ansvar for utvikling, personal og økonomi. Du har med deg tre avdelingsleiarar og ein skulekonsulent som del av det næraste teamet ditt.
Saman med leiarteamet og tillitsvalde planlegg du for prosessar i personalet som gir retning og utviklar skulen til det beste for elevane og for dei tilsette.
Du har ansvar for oppfølging av resultat og undersøkingar knytt til elevane sine læringsresultat og læringsmiljø, og arbeidsmiljøet til dei tilsette.
Du bidreg og er med i prosessar og arbeider saman med leiarkollegiet og fagstab på overordna nivå for å utvikla Timeskulen.
Kvalifikasjonar
Rektor skal vera ein fagperson med pedagogisk utdanning som har jobba mykje med og i skule. Det er ønskeleg med leiarerfaring frå skule. Me ser etter ein leiar som er utviklingsorientert, har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og som har innsikt og forståing for administrative oppgåver som mellom anna økonomi, personaloppfølging og lovverk. Du har legitimitet og kan leia eit motivert kollegium vidare. Det er ønskeleg med vidareutdanning i leiing, eller at du tek leiarutdanning innan to år dersom du ikkje har dette som del av utdanninga. Det vert krevd gode norskkunnskaper, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsettingsprosessenPersonlege eigenskapar
- Evna å leia strategisk, leia utviklings- og endringsprosessar og leiing av kompetanseutvikling
- Evna å bygga eit profesjonsfelleskap, samarbeid og kultur. Vera inspirator og konfliktløysar
- Evna å vera tydeleg, demokratisk og sjølvstendig, trygg og modig.
- Evna å tilpassa eige leiarskap til eigen personlegdom, eigne føresetnadar, styrkar og svakheiter
Vi tilbyr
Ein spennande og utfordrande jobb på ein god og solid skule med fantastiske elevar og flotte kollegaer med høg fagleg- og relasjonskompetanse.
Arbeidsmiljøet er prega av tillit, humor og fagleg fokus.
Du vil vera del av eit dyktig leiarkollegium i Time, og del av spanande leiarnettverk i Jærskulen. Det er tett kontakt med fagstab skule som støtte og utvikling for deg som leiar. Her vil du også samarbeida tett med dedikerte kollegaer innanfor økonomi, HR og digitalisering.
- Gode pensjonsordningar
- Lønn etter avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
- Velferdsordning som kunstforeining.
Me gjer merksam på at søkarlister til stillingar er omfatta av offentleglova. Dersom du ønsker å vera unntatt frå offentleg søkarliste, må du oppgje det i søknadsprosessen med grunngjeving.
Det blir kravd politiattest for tilsetting i stillinga.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sveinsvollsvegen 5, 4340 Bryne
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Rektor / Ass. Rektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
skoleleder, timeskulen, skuleleiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 371523135
- Sist endret