HR rådgjevar - 100 % fast
Alver kommune
- Frist 13.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli ein del av laget vårt?
Alver kommune søkjer ein erfaren HR rådgjevar til ei nyoppretta stilling som skal være med på å bygge Alver kommune for framtida.
Vi tilbyr en spennande stilling i eit arbeidsmiljø som er prega av høg fagleg kompetanse, stor vilje til å levere HR-tenester og som samtidig er fokusert på å utvikle og forbedre prosessar innen HR, løn og digitalisering. Stillinga gjer deg moglegheit til å utvikle dine ferdigheiter og kompetanse inna fagområdet.
Vi søker deg som har engasjement for HR faget og som er opptatt av gode leveranser og systematisk forbetringsarbeid. Du vil bli gitt stor grad av tillit og må være sjølvstendig, men kunne samarbeide godt med kollegaer og dele erfaringer.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeid med omstilling og endring
- Utvikle og forbetre arbeidsprosesser innan HR, løn og digitalisering
- Pådrivar for forbetringsarbeid
- Systematisk organisasjonsutvikling
- Støtte og rådgivning til leiarane i Alver kommune
- Operative HR oppgåver opp mot dei ulike tenesteområda
- Bistå i rekrutteringsarbeid
Kvalifikasjonskrav
- Bachelor eller master innan HR, organisasjonspsykologi eller ledelse
- 2-5 års erfaring med HR arbeid
- God kjennskap til lov og avtaleverk
- Erfaring frå omstilling og endringsleiing vil være ein fordel
- Erfaring og kompetanse innen løn vil være en fordel
Personlege eigenskaper
- Evne til å jobbe analytisk og strukturert i arbeidskvardagen
- Du må like å yte god service og gje støtte og rådgivning til leiarar og tilsette i Alver kommune
- Organisatorisk klok med gode mellommenneskelege egenskaper
- God evne til å prioritere og arbeide under press
- Du handterer ei hektisk hverdag, samstundes som du utviser god vurderingsevne og er engasjert.
Om oss ( HR avdelinga)
HR - avdelinga til Alver kommune leverer utruleg godt! Vi likar å tru at vi gjer det i vertfall. På kontora i underetasjen i Rådhuset i Knarvik finn du ein lite sjølvhøgtideleg gjeng, som no søkjer etter ein utruleg bra HR - rådgjevar til teamet vårt.
Sjølv om vi likar å tøyse i lunsjpausen er vi seriøse i arbeidet, og har høg fagleg kompetanse i teamet. Hos oss får du kombinasjonen av godt arbeidsmiljø, spennande arbeidsoppgåver med stor variasjon og påverkingsmoglegheit i ein organisasjon i endring. Vi har god alders og kjønnsblanding i avdelinga.
Kva kan vi tilby deg?
Hos oss får du moglegheit til personleg og fagleg utvikling gjennom spennande og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi har god pensjonsordning og konkurransedyktig løn etter avtale. Du vil og ha moglegheit til noko heimekontor. Også får du utruleg bra kollegar, både på HR -avdelinga og i kommunen elles.
Høyrest dette kjekt ut?
Ta gjerne kontakt med HR leiar Kathrine Martinsen på telefon 40 23 97 34 om du har spørsmål.
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Rådgivning, Saksbehandler
Hagelsundet (1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 372108915
- Sist endret