Kontrollingeniør, tunelloppgradering
Statens vegvesen
- Frist 11.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Kontrollingeniør, tunelloppgradering
Om stillinga
Utbyggingsområde Vest har ledige stillingar som kontrollingeniørar og søkjer etter personar med kompetanse innan veg og tunnel, og som vil jobbe med gjennomføring tunneloppgraderingsprosjekt på riks- og stamvegnettet.
Stillingane er knytt til Tunneloppgradering Vest. Kontorstad vil vere prosjekta sine anleggskontor, men kan også i periodar vere knytt til prosjektkontoret i Fyllingsdalen i Bergen.
Prosjekt som i første omgang er aktuelle:
E39 Bogstunnelen som ligg nord for Sognefjorden. Tunnelen har ei lengd på om lag 3,5 km og skal oppgraderast etter krav i tunneltryggingsforskrifta. Prosjektkontoret ligg i Vadheim.
Arbeids- og ansvarsområde:
Som kontrollingeniør har du ansvar for utarbeiding av kontrollplanar, oppfølging av entreprisar og kontraktar, og følgje opp krav til dokumentasjon og informasjon.
Vidare vil sentrale oppgåver vere:
• utføre kontroll og oppfølging av kontraktsarbeidar med fokus på funksjonskrav, teknisk kvalitet, SHA, mengder og målebrev
• deltaking i utarbeiding av konkurransegrunnlag for nye oppdrag
• deltaking i byggjemøte etter behov
• medverke i utarbeiding av K-HMS planar
• modellbasert oppfølging
• oppfølging av klimatiltak
• rapportering/føre dagbok
• leggje kontrollresultat inn i kvalitetssystemet vårt
Kompetansekrav
• minimum 3 års utdanning frå universitet eller høgskule med relevant fagkrins
• gode kunnskapar i bruk av IKT- verktøy
• god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
• førarkort klasse B
Vi vektlegg kompetanse og relevant erfaring innan fagområda veg og tunnel. Har du omfattande og relevant erfaring kan det kompensere for manglande formell utdanning.
Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt:
• sjølvstendig og strukturert
• gode samarbeidsevner i eit tverrfagleg fellesskap
• gode kommunikasjonsevner
• nøyaktig og kvalitetsmedvite
• god gjennomføringsevne
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt prosjektsjef Stig Berg-Thomassen, mobil 97583988 eller prosjektleder Kristian Dahle Sylta, mobil 46908482
Om arbeidsgiveren
Statens vegvesen vil leie an i utviklinga av eit effektivt, sikkert og heilskapleg transportsystem tilpassa morgondagen sine behov og teknologi. Vi bygger, driftar og vedlikeheld riksvegane, og vi tek vare på heilskapen gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydeleg regelverk og standardar for alle. Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utviklinga av digitale tenester sikrar vi trafikantane smarte, trygge og miljøriktige transportval.
Verksemda våre er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjonar.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kontorsted vil være prosjektene sine anleggskontor, men kan også i perioder være knyttet til prosjektkontoret i Fyllingsdalen i Bergen, 5008 Bergen
- Bransje: Annet, Bygg og anlegg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Ingeniør, Teknisk personell
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 372169520
- Sist endret