Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Helse Bergen
- Frist 02.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga.
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:
- Ortopedisk klinikk, Skadepoliklinikken
- Kirurgisk klinikk, Urologisk avdeling post 2, Gastrokirurgisk avdeling post 3, Kirurgisk mottak/dageining
- Medisinsk klinikk, Gastromedisinsk sengepost/Medisinsk undersøkeing
- Nevroklinikken, Nevrokirurgisk avdeling
- Hjarteavdelinga, Thorax-kirurgisk sengepost
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge.
Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Arbeidsoppgåver
Skadepoliklinikken held til i Bergen Helsehus saman med Allmenlegevakta i Bergen Kommune. Opningstida vår er frå kl 0830-2230. Vi ivaretar pasientar som treng akutt helsehjelp ved skadar som brot, kutt, sår og brannskadar, samt kontroll av desse skadane. Skadepoliklinikken har tilsette med høg kompetanse som arbeider tverrfagleg i eit godt og aktivt arbeidsmiljø. Vi søkjer etter deg som kan trivast i ein travel arbeidsdag i førstelinja, med behandling av nye sårskadar og småkirurgiske inngrep. Vi har årsplan og arbeider pt. todelt turnus og kvar tredje helg. Vi søker etter sjukepleiar i 100% fast stilling frå 1. desember 2024. Kontakt: Linda Eikefet Revheim, Tlf. 53032751/9717501
Urologisk avdeling post 2 er ein sengepost med pasientar frå både urologi og endokrin-kirurgiske fagfelt. Våre pasientar er hovedsakleg kreftpasientar. Vi behandlar også benigne diagnosar som trengjer kirurgisk behandling i tillegg til akutte innleggingar. Hos oss vil du jobbe i eit godt arbeidsmiljø med pre- og postoperative forløp. Smertelindring, palliasjon og heilskapleg sykepleie er også ein stor del av vår kvardag. Med to fagfelt er det mye spennende å lære hos oss, så vi skal gi deg god opplæring.
Kontakt: Hanne Merethe Landro Tlf: 55970061/92089966/Jorunn Bjørnsdottir Tlf: 55970011
Gastrokirurgisk avdeling post 3 behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid. Arbeidstid i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Kontakt: Marius Andreassen Tlf. 55973508
Kirurgisk mottak/dageining er ein avdeling med kun dagstillingar. Vi er 8 sjukepleiarar og ein sekretær. Vi tek i mot dei pasientane i kirurgisk klinikksom skal til planlagde operasjonar. Her får pasientene snakke med LIS 1,anestesilege, kirurg, sjukepleiar og evt. fysioterapeut. Din oppgåve somsjukepleiar blir å koordinere desse samtalane, og se til at pasienten får gjortalle undersøkingar som skal gjerast. Du har ansvar for å informere pasienten omdei preoperative førebuingane og korleis det postoperative forløpet er. Vi harog ein dageining, kor pasientar som skal til biopsiar, pp- skift og andreprosedyrar, førebus og observeres i etterkant av prosedyren. Denne stillinga vil vere i kirurgisk mottak/dageininga ut 2025, deretter vil stillinga bli tredelt i ein annan avdeling i Kirurgisk klinikk eller i Bemanningssenteret.
Kontakt: Kristin Hovland, Tlf. 55970017
Kvalifikasjonar (overskrift)
Medisinsk klinikk søker sjukepleiar til kombinasjonstilling delt mellom Gastromedisinsk sengepost og Medisinsk undersøking. Stillinga er 55% ved sengepost og 45% ved Medisinsk undersøking. Stillinga på sengeposten er tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.Ved Medisinsk undersøking blir det utført ulike endoskopiske og ultralydundersøkingar av fordøyelsesystemet. Arbeidet ved denne eininga er på dagtid.
Om sengepost
Medisin 1 vest er ein interessant og fagleg utfordrande medisinsk sengepost med 16 sengeplassar i vekedagane og 13 sengeplassar i helgane. To av sengene er overvakingssenger. Du treff vaksne pasientar i alle aldre og det er stor variasjon av diagnosar, pleietyngde og arbeidsoppgåver. Sengeposten tar i mot både øyeblikkelig hjelp - og elektive pasientar. På sengeposten utreder og behandlar vi pasientar med med sjukdom i heile fordøyelsessystemet; spiserøyr, magesekk, tynntarm, tykktarm, lever, bukspyttkjertel og gallevegar. I tillegg har vi pasientar med ulike ernæringsvanskar og generelle indremedisinske sjukdommar.
Vi samarbeidar tett med andre medisinske einingar.
Om Medisinsk undersøking
Medisinsk undersøking utfører om lag 10 000 undersøkingar årleg. Vi gjer gastroskopiar, coloskopiar, ultralyd og ulike andre undersøkingar og behandlingar. Avdelinga har ein heimevaktsordning der sjukepleiarar har vakt og rykker ut dersom det blir meldt ØH pasienter utanom ordinær arbeidstid.
Medisinsk klinikk har om lag 500 tilsette og omfattar seksjonar for fordøingssjukdommar, nyresjukdommar, infeksjonsjukdommar, hormonsjukdommar og blodsjukdommar, samt seksjon for Klinisk ernæring og Sosionomtenester. Kontakt: Merete Favang; med 1 vest, Tlf. 55973608. Roy Cato Solheim, medisinsk undersøking, Tlf. 55972139Nevrokirurgisk avdeling har ansvar for diagnostisering og nevrokirurgisk behandling av skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg, både for vaksne og barn. Avdelinga har og landsfunksjon for stråleknivbehandling og behandling av vestibularisschwannom.
Nevrokirurgisk avdeling har 16 senger på sengepost og 9 senger på vår overvakingseining (NOVA). Sjukepleiarar på avdelinga blir venta, etter opplæring, å kunne jobbe både på NOVA og ute i avdelinga i ei rotasjonsordning. Vi har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi satsar på fagutvikling og har mellom anna innarbeid fagutviklingstimar i vår årsturnus. Vi legg stor vekt på kontinuitet i behandlinga av pasientane våre, og eit svært godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Nevrokirurgisk avdeling søkjer sjukepleiarar som trivst med å jobbe i tredelt turnus i ei hektisk og pulserande avdeling, og som vil gje god fagleg sjukepleie til pasientar i alle aldrar.
Kontakt: Malene Alsaker, Tlf. 45458204.
Hjarteavdelinga Post 4 er ein thorax-kirurgisk sengepost, der pasientane kjem for planlagte inngrep eller øyeblikkeleg hjelp kirurgi. Vi utfører hjarte- og lungeoperasjonar, pectusplastikk og andre thoraxkirurgiske inngrep. Pasientar som skal til kateterbasert klaffebehandling (TAVI, TEER) blir også behandla her. I tillegg blir pasientar med skadar i brystveggen / thoraxtraume innlagt på posten. Det er 28 sengeplassar på Hjarte post 4, som har eit tverrfagleg team med legar, hjartekirurgar, sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar og fysioterapeutar. Det er eit aktivt fagleg miljø, med sjukepleiarar i spesialutdanning, sjukepleiarstudentar og helsefagarbeidarlærlingar.
Vi søker sjukepleiar til 100% fast stilling, pt tredelt turnus og kvar tredje helg.
Kontakt: Kari Henriksen, Tlf. 41208259
Du må:
- Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
- Ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
- Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
Vi tilbyr deg:
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, somatisk, sjukepleiar, somatisk, ortopedisk, kirurgisk, medisinsk, nevroklinikk, hjerteavdeling, sykepleier, sykehus, helse bergen
Annonseinformasjon
- FINN-kode 372290504
- Sist endret