![Time kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/320w/logo/object/217935079/iad_7796458376354586773time_kommune_logo_2.png)
Inkluderingspedagog
Time kommune
- Frist 20.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Inkluderingspedagog
Inkluderingspedagog i 100 % fast stilling frå 01.01.25
Arbeidsoppgåver
Me skal erstatta ein medarbeidar som har slutta og søkjer etter ein engasjert barnehagelærar med kompetanse innan spesialpedagogikk og systemarbeid i barnehage.
Styrka barnehage ligg under Oppvekst, og strategiplanen er førande for alt arbeid i Oppvekst. Eit av måla i stategiplanen er å styrka det allmennpedagogiske arbeidet gjennom førebygging og tidleg innsats. Målet er å leggja til rette for ei styrking av kompetanse hjå personalet, for at barnehagane i større grad skal vera i stand til å støtta alle barn i det allmennpedagogiske tilbodet. Oppvekst i Time har som mål å dreia ressursar frå individ til felleskap. Eit av tiltaka for å nå dette målet er å tilsetja ein person i Styrka barnehage som skal arbeida som inkluderingspedagog.
Inkluderingspedagog vil ha ei fagstilling knytt til Kvernaland barnehage. Hen vil arbeida både med oppfølging av enkeltbarn som har vedtak om spesialpedagogisk hjelp og arbeid på systemnivå. Dette inneber å gje rettleiing til tilsette og føresette, utarbeida IOP og bidra med kurs og kompetansehevende tiltak.
Inkluderingspedagog vil vera sentral i organisering av førebyggjande og spesialpedagogisk arbeid i Kvernaland barnehage.
Stillinga er knytt til Styrka barnehage, og den som vert tilsett vil delta på nettverk med andre spesialpedagogar i Time kommune.
Visjonen i Time er: "Alle barn og unge i Time kommune har lyst på livet og evne til å meistra det".
Me legg vekt på inkludering, respekt for mangfold og individuelle forskjellar som grunnleggjande kompetanseverdiar. Me søkjer ein inkluderingspedagog som kan vera med på å skapa eit miljø der alle barn blir sett, høyrt og verdsatt for den dei er, og som har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som fremjer barns trivsel, læring og utvikling.
Her er link til strategiplan for Oppvekst 2023-2029 og rekrutteringsfilm om kvifor du skal søkja stilling i Time kommune
https://www.time.kommune.no/_f/p1/i204e04bc-82aa-4739-ace1-b2e9ff585453/strategiplan-oppvekst-2023-2029.pdf
https://youtu.be/PKsINt1BkD4?si=-2QEwkRkdwIob-wa
Kvalifikasjonar
Barnehagelærer med fordjupning i spesialpedagogikk.
Anna relevant utdanning kan kompensere
Har god kunnskap og forståing for barnehagen sitt samfunns mandat, med særlig fokus på at alle barn skal medverka i fellesskapet
Erfaring med inkluderingsarbeid i barnehage
Bidra til å utvikle barnehagens kollektive læringsprosessar
Personleg eigna vil bli tillagt stor vekt
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunna bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 4340 Bryne
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Annet
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 372553160
- Sist endret