Psykologspesialist i psykosepoliklinikk FACT
Helse Bergen
- Frist 20.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye psykologspesialist i FACT?
Vi ser etter deg som er fagleg engasjert og som har lyst på ein spennande jobb ved Psykosepoliklinikk FACT på Øyane DPS. Her får du moglegheit til å vere ein del av eit tverrfalgleg team med fokus på god samhandling, fagleg utvikling og langvarig behandling av pasientar. Vi søker etter deg som er psykologspesialist som har eit engasjement for målgruppa vår. Du er fleksibel, liker å jobbe ambulant og ser moglegheiter i samarbeid med andre aktørar i helsetenesta og i pasientane sine nettverk. Vi ønsker at du skal bidra med vidareutviklinga av psykosefeltet på Øyane DPS, og du vil kunne vere med å utforme behandlingstilbodet. Vi legg stor vekt på psykologspesialistane sine eigne ønsker og moglege rammer. Vi reknar det som viktig å vere både lydhøyr og fleksibel, og kan tilby konkuransedyktige vilkår. Det vil vere rom for alternative løysingar knytt til arbeidsplan og deltidsstilling.
Psykosepoliklinikk FACT arbeider etter FACT modellen. Arbeidet vil derfor både innebere polikliniske og ambulerande oppgåver. Teamet ivaretar polikliniske oppgåver som utgreiing, diagnostisering og behandling av alle pasientar med psykoseliding eller mistanke om psykose. Seksjonen er godkjend for tvungen psykisk helsevern utan døgn.
Teamet jobbbar tverrfagleg og er sett saman av psykiater, LIS3, psykologspesialist, psykolog, psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar, merkantil konsulent, erfaringskonsulent, musikkterapeut og IPS jobbspesialist.
Ved særskilde behov kan det vere aktuelt med arbeidsoppgåver innan dei andre delane av tilbodet ved Øyane DPS. Psykologar med særskild interesse for fagområdet kan også søke.
Arbeidsoppgåver
- Spesialistansvar i pasientsaker og ved akutte vurderingar
- Behandlings- og utgreiingsoppgåver for pasientar med psykoseliding og nysjuke
- Oppsøkande verksemd
- Familiesamarbeid
- Fleksibilitet med omsyn til arbeidsoppgåver
- Oppfølging av pasientar på tvungen psykisk helsevern utan døgn
- Undervisning og rettleiing internt og med 1.linjetenesta
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykologspesialist/ psykolog
- Brei klinisk erfaring frå psykiatri/rusfeltet og arbeid med målgruppe i spesialisthelsetenesta og/ eller kommunalt tenesteapparat
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Det er ønskeleg med førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og løysingsorientert
- Du er beslutningsdyktig
- Du likar å jobbe tverrfagleg internt på eigen seksjon og med samarbeidspartnarar
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Personleg egnaheit vektleggast
Vi tilbyr
- Ein spennande stilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
- Moglegheit til å forme stillinga og arbeidsoppgåver
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Blombakkane 75, 5354 Straume
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psykolog, Øyane DPS, Psykologspesialist, Øyande DPS, FACT psykose, poliklinikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373071694
- Sist endret