Seniorrådgivar moderne bioteknologi i sekretariatet til Bioteknologirådet
Bioteknologirådet
- Frist 21.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Seniorrådgivar moderne bioteknologi i sekretariatet til Bioteknologirådet
Om sekretariatet
Bioteknologirådet sitt sekretariat har i dag åtte tilsette: direktør, økonomi- og administrasjonsansvarleg, kommunikasjonssjef og fem seniorrådgivarar med kunnskap om gen- og bioteknologi, samfunn og etikk. Sekretariatet har to hovudoppgåver; å forberede og gjennomføre sakshandsaming for det politisk oppnemnde Bioteknologirådet, samt å formidle kunnskap til befolkninga om moglegheiter, utfordringar, samfunnsmessige og etiske spørsmål på gen- og bioteknologiområdet. Formidlinga gjer vi gjennom podkast, tidsskrift, nettsider, foredrag og ulike arrangement, med meir.
Vi tilbyr ein arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver og stor sjølvstende med stadig fagleg utvikling i eit triveleg arbeidsmiljø. Fleksibel arbeidstid, med sommar- og vintertid.
Om stillinga
Som seniorrådgivar i sekretariatet er ein sakshandsamar for ulike tema innan gen- og bioteknologi som blir diskutert på Bioteknologirådet sine rådsmøte. I tillegg inkluderer stillinga oppgåver som fagleg temaansvar og nettverksarbeid, formidling, journalistisk arbeid for tidsskrift og podkast og andre formar for kommunikasjonsarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Større faglege utgreiingar innan moderne bioteknologi
- Nettverksarbeid mot forsking, forvaltning og befolkning
- Fagleg delansvar inkludert for tema på nettside
- Journalistisk arbeid
- Foredrag og undervisning
- Arrangering av møter
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Vi søker ein person med desse kvalifikasjonane:
- Naturvitskapleg eller medisinsk utdanning, minimum mastergrad og helst med doktorgrad innan genteknologi, genetikk, bioteknologi, molekylærbiologi, cellebiologi, stamceller, genterapi eller genmodifiserte organismar (GMO)
- Erfaring frå forsking med bruk av moderne bioteknologi, enten med humanmedisinsk relevans eller på dyr/planter/mikroorganismar.
- Erfaring frå formidlingsarbeid
- Kommuniserer svært godt - både på engelsk og norsk.
- Det er ein fordel om du beherskar nynorsk skriftleg godt.
- Det er ønskeleg med relevante kurs i etikk eller vitskapsfilosofi
- Erfaring relevant for forståing av tverrfaglege samfunnsdebattar
Aktuelle kandidatar bør i tillegg ha desse eigenskapane:
- Samfunnsengasjert
- Skriveglad
- Sjølvstendig
- Initiativrik
- Gode samarbeidsevner
- Nøyaktig
- Fleksibel og omgjengeleg
Vi legg særleg vekt på om du er personleg eigna for stillinga.
Mangfald og inkludering
Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)
Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Vi tilbyr
- Fast 100 % stilling (37,5t)
- Fleksibel arbeidstid med kjernetid frå 09:00-14:30
- Triveleg arbeidsmiljø
- Kontor i Kronstadparken i Bergen (innandørs sykkelparkering og treningssenter i bygget, nær bybanestoppene Danmarks plass og Kronstad)
Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.
Løn:
kr 730 000-790 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. Før særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
Bakgrunnssjekk
HOD samarbeider med Semac for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar, og innebærerat me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
Slik søkjer du
Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.
Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.
Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.
Unntak fra offentlig søkerliste
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Om arbeidsgiveren
Bioteknologirådet gjer råd og informerer om etiske og samfunnsmessige spørsmål som gjeld bruk av bioteknologi på menneske, planter, dyr og mikroorganismar. Bioteknologirådet er eit frittståande, rådgivande organ oppnemnd av Kongen i statsråd og er blant anna høyringsinstans for norske styresmakter i samband med saker som gjeld gen- og bioteknologi. Bioteknologirådet sitt sekretariat førebur sakshandsaminga i rådet og bidreg med informasjon om bruk av gen og bioteknologi til den norske befolkninga. Bioteknologirådet er administrativt underlagt Helse- og omsorgsdepartementet.
Arbeidsstaden er i Bergen, og du må rekne med noko reiseaktivitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Edvard Griegs vei 3b, 5059 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Allmennmedisin, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373084232
- Sist endret