Juridisk rådgjevar/seniorrådgjevar
Høgskulen på Vestlandet
- Frist 20.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Juridisk rådgjevar/seniorrådgjevar
Avdeling for utdanningskvalitet har ledig ei stilling som juridisk rådgjevar innan utdanningsområdet. Stillinga vil vere knytt til Eining for utdanningskvalitet, studieportefølje og analyse som er under prorektor for utdanning sitt ansvarsområde. Eininga har mellom anna ansvar for utvikling av systemet for arbeid med kvalitet i utdanningane, arbeid med studieportefølje, akkreditering og periodisk evaluering av studieprogram, kvalitet i studie- og emneplanar, årsrapport, studiebarometeret, forvaltning av lov- og regelverk og "Sei i frå". Eininga er sekretariat for Utdanningsutvalet (UU), Skikkavurderingsnemnda og Nemnd for studentsaker.
Den faste stillinga har arbeidsstad på ein av høgskulens fem campusar: Bergen, Sogndal, Førde, Stord eller Haugesund
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Ansvar for sekretariatet for Nemnd for studentsaker ved HVL
- Utvikle og styrke det juridiske perspektivet knytt til utdanningane og avdelinga
- Delta og gje råd i sakshandsaming på fakultet og i studieadministrasjon
- Delta i utvikling av arbeidsprosessar, forskrifter og retningslinjer og implementering av desse
- Delta i kompetanseutvikling av sakshandsamarar
- Andre oppgåver innan avdelingas ansvarsområde kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Det er krav om juridisk embetseksamen/ master i rettsvitskap
Ønska kvalifikasjonar:
- God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
- Erfaring frå liknande arbeid i sektoren er ein fordel
- Erfaring frå annan offentleg verksemd vil bli vektlagt
- Evne til å presentere kompleks informasjon på ein klar og forståeleg måte
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar:
- Sjølvstendig, effektiv og strukturert
- Serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
- Gode norsk- og engelskkunnskaper og god skriftleg og munnleg formidlingsevne
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med høve til kompetanseheving og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.
For særleg kvalifiserte søkjarar kan stillingskode 1364 -seniorrådgjevar vurderast.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d)
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d/automatisk-godkjenning-et-raskere-alternativ)
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider. (https://www.hvl.no/)
Om arbeidsgiveren
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for utdanningskvalitet har ansvar for det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane og skal vera bidragsyter for eit godt læringsmiljø for alle våre studentar. Avdelinga skal støtte opp under og rådgje fakulteta i deira arbeid med utdanningskvalitet.
Vidare skal avdelinga bidra med rådgjeving og strategisk utviklingsarbeid for rektoratet knytt til arbeid knytt til utdanning, læringsmiljø og studiekvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Inndalsveien 28, 5063 Bergen
- Flere arbeidssteder: Svanehaugvegen 1, 6812 Førde, Bjørnsonsgate 45, 5528 Haugesund, Røyrgata 6, 6851 Sogndal, Klingenbergvegen 4, 5407 Stord
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Rådgivning, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373092686
- Sist endret