Arbeids- og utdanningspesialist
Helse Førde
- Frist 27.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Arbeids- og utdanningspesialist
Vi har ledig 100% vikariat som Arbeids- og utdanningsspesialist på DPS Dag, moglegheit for fast stilling. Oppstart snarast mogeleg.
Som arbeids- og utdanningsspesialist, vil du få ein variert og spennande arbeidskvardag. Du vil inngå i eit team på totalt fire personar som arbeider etter IPS metodikken. Delar av stillinga vil inngå i et ambulant psykoseteam/OP-team som planleggast å bli et FACT team på sikt. DPS Dag er opptatt av god samhandling og vi motiverast av å ha pasienten sine ønskjer og behov i fokus.
DPS Dag er ein poliklinikk som gir distriktspsykiatriske tilbod til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Poliklinikken er ein seksjon i avdelinga Psykiatrisk klinikk. Dei tilsette i poliklinikken er tverrfagleg samansett med legar, psykologar og høgskuletilsette. Vi har eit aktivt forskingsmiljø tilknytta Psykiatrisk klinikk og har fleire tilsette i pågåande doktorgradsprosjekt om psykisk helse og behandling. Poliklinikken er lokalisert i både Førde og Florø.
DPS dag tilbyr ulike terapiformer som t.d. e-behandling, MBT-I/G, B4DT.
Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga er lokalisert i Førde og i Florø. Mars 2021 flytta Psykiatrisk klinikk inn i nytt moderne bygg i Førde der vi har 4 sengepostar med samla 41 sengeplassar og poliklinikk. Vi er samlokalisert med Førde BUP.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Arbeidsoppgåver
- Oppsøke bedrifter, skape dialog med arbeidsgjevarar og byggje nettverk
- Jobbe ambulant med personlege møter med pasientar, utdanningsstad/arbeidsgjevarar, NAV og aktivitetstilbod i lokalmiljøet.
- Kartlegge jobbsøkar sine interesser, ønsker, ferdigheiter og ressursar, samt sette dei i kontakt med riktige jobb/arbeidsgjevar eller aktivitetstilbud i lokalmiljøet
- Delta i behandlingsteam og ha eit tett samarbeid med tilsette på DPS dag
- Engasjere og motivere både jobbsøkjarar, utdanningsstad, arbeidsgjevarar, pårørande og andre personar i nettverket rundt arbeidssøkjar
- Dokumentere arbeidet i tett samarbeid med NAV om felles pasientar og arbeidsgjevarkontakter
Kvalifikasjonar
- Helse- og/eller sosialfagleg høgskuleutdanning eller tilsvarande
- Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller rus
- Klinisk erfaring kan kompensere for manglande vidareutdanning
- Klinisk erfaring frå arbeid med psykisk helse og/eller rus.
- God skriftelg og munnleg fremstillingsevne
- Førarkort klasse B
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å prioritere oppgåver i ein hektisk kvardag
- Evne til å skape gode relasjonar
- Gode samarbeidsevne
- Fleksibel og evne til å vere løysningsfokusert
- Lyst til å utvikle deg saman med oss
- Personlege eigenskapar blir lagt stor vekt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overreinskomst
- God forsikrings- og pensjonsordningar
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no . Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Arbeidsspesialist, Utdanningsspesialist, Psykiatri, Rus, Allmenpsykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373095009
- Sist endret