Assistent
Helse Bergen
- Frist 16.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Assistent
Er du vår nye kollega?
Kirurgisk Serviceklinikk (KSK), er den største somatiske klinikken i føretaket med ansvar for store delar av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og akuttmedisin på Haukeland universitetssjukehus. Over 1400 tilsette arbeider i klinikken pr.d.d.
Sterilforsyning og støtteavdelinga er ei stor avdeling i klinikken med sine tre seksjonar. Samla sett består avdelinga sine kjerneområde av å ha ansvar for sikker reingjering, desinfeksjon og sterilisering av sjukehuset sitt medisinske gjenbruksutstyr nytta i operasjon og anna pasientbehandling. I tillegg utfører to av seksjonane klargjering av operasjonsstover gjennom døgnet, bestilling og mottak av varer, lagerhald og logistikk. Ei ega portørteneste gir service til dag til dagdrifta hjå operasjonsteama. Avdelinga endrast i takt med den teknologiske utviklinga i sjukehuset. Det blir bygd nye bygg og struktur blir endra.
Vi er ei attraktiv avdeling som gir tenester av høg kvalitet for å sikre at helsepersonell i pasientbehandling opplever ein god logistikk av vare- og utstyrsflyt. I løpet av 2025 opnar den nye Sterilsentralen i Parkhjørnet. All medisinsk gjenbruksutstyr blir då samla her. I samband med dette blir det allokering av personell frå alle seksjonar. T-doc er innført som nytt regionalt sterilforsyningssystem.
Det er ein ledig stilling som assistent i seksjon Støtte Utpost. Seksjonen tar i hovudsak hand om spesialreinhald av kritisk og semi-kritisk utstyr som kirurgiske instrument, medisinsk-teknisk utstyr og reinhald av operasjonsstover. Det er ein seksjon der vi bidrar med vår kompetanse inn i operasjonsavdelingar som dagkirurgen, thorax, kvinneklinikken, auge, poliklinikkar, intensiv, akuttmottak, brannskaden, hjertepoliklinikk, radiologisk avdeling, utpost mfl. Vi skal også levere våre tenester i dei nye Glasblokkene som opna i november 2023. Støtte Utpost arbeider 2- og 3-delt turnus dvs. dag-kveld og med helgevakter avhengig av lokasjon.
For å sikre eit stabilt og høgt fagleg nivå, blir det forventa tilsette i assistentsstilling, tar utdanning i sterilforsyningsfaget v/Fagskulen i Vestland ved neste opptak (2025) . Utdanninga skjer i kombinasjon med arbeid.
Arbeidsoppgåver
- Reingjering og desinfeksjon av operasjonstover, intensivrom mfl.
- Sterilforsyningsoppgåver- hovudsakleg dekontaminering (reingjering og desinfeksjon) av medisinsk gjebruksutstyr
- Bestille, motta og forsyne avdelinga med forbruksvarer
- Sørge for å halde god vareflyt gjennom dagen og redusere risiko for "flaskehalsar"
- Oppgåvene kan bli endra i takt med avdelinga og/eller sjukehuset si utvikling
- Nye oppgåver kan kome til og/eller endrast i takt med sjukehuset si utvikling og behov. Vi sørver ulike einingar innad såvel som utanfor Sentraloperasjonen
- Rullering på ulike einingar må difor påreknast. Nokre arbeidsoppgåver kan vere fysisk krevjande
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i reinhald/eller logistikk er ønskeleg men ikkje eit krav
- Det er ønskeleg med erfaring frå relevant servicearbeid men ikkje eit krav
- Du må kunne enkelt navigere i både web, outlook og word (enkle office program)
- Kunnskaper i Norsk må dokumenteres (frå vidaregåande eller Bergenstest)
Personlege eigenskapar
- Du har høg arbeidsmoral
- Du er punktleg
- Du kan å arbeide i team, men også sjølvstendig
- Du må vise evne til fleksibilitet, sjå løysingar og arbeide sikkert, raskt og nøyaktig
- Du må trivast i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø med til tider høgt tidspress
- Du har evne til å ta til deg læring og medverke til ei god fagleg utvikling hjå deg sjølv så vel som for teamet
- Du er engasjert og tolerant og evnar å samarbeide med dine kollegaer og oppdragsgivar
- Du trivast mellom folk og deler erfaringar med andre
- Arbeidet kan vere fysisk krevande
- Personleg eignetheit blir lagt særleg vekt på
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst for stillinga
- Kompetente kollegaer i eit herleg tverrfagleg arbeidsmiljø
- Mentor i opplæringsperioden
- Stipend ved opptak til Fagskule i sterilforsyning
- Kurs jmf. sjukehuset si kursportefølje
- Opplæring i bruk av T-doc
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Renhold
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
assistent, renhold, KSK, støtte utpost, sterilforsyning, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373408950
- Sist endret