Byggesaksbehandler
Vågå Kommune
- Frist 21.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye byggesaksbehandlar?
Teknisk sektor har ansvaret for samferdsel, vatn, avlaup, renovasjon, kommunale eigedommar, brannvern, byggesaksbehandling, kart og oppmåling samt plan og miljø. Byggesakseininga inneheld i dag ein byggesaksbehandlar og ein tilsynsingeniør.
Nåverande byggesaksbehandlar går inn i ny rolle i Vågå kommune og vi søkjer derfor etter byggesaksbehandlar i 100% fast stilling.
Byggesakseininga har i dag følgjande arbeidsområde:
• behandle byggesøknader, søknader om frådeling og utsleppsløyve for mindre avlaupsanlegg
• rettleie publikum om lovverk og kommunale planar samt delta på tilsyn i byggesaker
• føre matrikkelen for bygningsdelen i kommunen
Andre oppgåver ved avdelinga kan bli lagt til stillinga.
Vi søker etter ein person med:
• interesse, kunnskap og erfaring frå arbeid med Plan og bygningslova og/eller bygge- og anleggsbransjen
• kunnskap om arkitektur, estetikk og formgiving
• gode kommunikasjonsevner
• ønskje om å oppnå resultat gjennom sjølvstendig arbeid og saman med andre
• utdanning frå høgskule/fagskule eller med anna relevant utdanning og erfaring.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi kan tilby:
• Eit spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
• Arbeid i tverrfagleg team
• Kompetanseheving
• Eit godt fagmiljø og gode kollegaer
• Pensjonsordning via KLP
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte kommunalsjef Pål Inge Sanden tlf. 41 47 40 46, mail: pal-inge.sanden@vaga.kommune.no.
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 21.10.2024
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Om arbeidsgiveren
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå har eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. Nasjonalparkane gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå
- Bransje: Arkitektur, areal og interiør, Bygg og anlegg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
byggesaksbehandling, plan og bygningslova, bygge og anleggsbransjen, arkitektur, kommunale planar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373412227
- Sist endret