Kreftsjukepleiar Barne- og ungdomsklinikken, Medisin B barn og unge
Helse Bergen
- Frist 16.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Kreftsjukepleiar
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.
Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og nyleg samla vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Dette gjer nye og spennande moglegheiter for framtida.
BUK har 67 senger fordelt på fem seksjonar: Nyføddintensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for kontor, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab. I 2023 hadde vi totalt 350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 33 000 polikliniske konsultasjonar.
Medisin B er ein ny avdeling med 10 senger som behandlar barn og unge med kreft og blodsjukdommar. Vi gir avansert behandling i form av kjemoterapi, aleine eller i kombinasjon med strålebehandling og kirurgi. Du vil også møte pasientar som får høgdosebehandling med stamcellestøtte. Innan kort tid vil vi også kunne tilby protonstråling. Vi har høgt fokus på symptomlindring og palliasjon. Vi samarbeider tett og godt med avansert heimesjukehus, klinikkens palliative team og kommunehelsetenesta. Vi er opptatt av sjukepleie med ei heiskapleg tilnærming både til barn, ungdom og deira familiar.
Avdelinga har eit høgt tempo og avansert sjukepleie der ein har moglegheit til å utvikle seg som sjukepleiar. Dei tilsette har tett samarbeid gjennom arbeidsdagen, og det er eit nært samarbeid mellom lege- og sjukepleiertenesta og øvrige tilsette i avdelinga. Du vil inngå i ei engasjert kollegagruppe med fokus på fag, trivsel og samarbeid.
Har du lyst å bli ein del av vårt team og jobbe med barn og unge i Glasblokkene?
Ved avdelinga er det ledig 4 faste stillingar som kreftsjukepleiar. Sjukepleiar med cytostatika-kompetanse kan også søke. Som nytilsett hos oss blir du ein del av eit nytilsettprogram og du vil i 6 veker jobbe saman med erfarne sjukepleiarar.
Den som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barnog utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Sjukehuset har fire hovudoppgåver; pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, forsking og utdanning
- Administrere avansert kjemoterapi
- Hos oss skal du overvake, observere og gje pleie til barn og ungdom. I tillegg skal du rettleie, gi støtte og omsorg til pasientane og deira pårørande
- Du vil inngå i eit tverrfagleg samarbeid som skal gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald hos oss
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning innan kreftsjukepleie
- Erfaring med avansert kjemoterapi er ønskeleg
- Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn og ungdom, men ingen føresetnad
- Erfaring med, og interesse for, undervisning samt opplæring av pasientar og pårørande er ønskeleg
- Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar
- Som søkar må du vere fagleg engasjert, sjølvstendig og ha evne til samarbeid
- Du må like å arbeide i høgt tempo og vere innstilt på endring
- Ha respekt for det enkelte medmenneske
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Opplæringsprogram med fadder
- Fagleg og personleg utvikling
- Godt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Kreft/onkologi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sykepleier, Spesialsykepleier, Kreftsykepleier, Barneklinikken, sjukepleiar, kreftsjukepleiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373527066
- Sist endret