Rådgjevar folkehelse og inkludering
Vestland fylkeskommune
- Frist 20.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar folkehelse og inkludering
Er du oppteken av inkludering og folkehelse? Då kan du vere rett person til 100% fast stilling som rådgjevar hos oss!
Vi treng deg som kan vere pådrivar for og samordne Vestland sitt arbeid på desse fagområda. Din arbeidskvardag vil være prega av internt og eksternt samarbeid med ulike fagmiljø. Du vil få høve til å jobbe med et vidt spenn av arbeidsoppgåver som t.d. politiske saker, planarbeid, tilskotsforvalting, kunnskapsgrunnlag og utviklingsarbeid.
Vestland fylkeskommune si avdeling for kultur og folkehelse, har ansvar for oppfølging av fylkeskommunen sine oppgåver innan integrering og folkehelse. Dette er lovpålagte sektorovergripande oppgåver, og såleis har alle avdelingar ansvar for å følgje opp vedtekne regionale planar og tiltak. Stillinga er knytt til seksjon fysisk aktivitet og inkludering. Seksjonen har i tillegg ansvar for idrett og friluftsliv, og mange av oppgåvene vil løysast på tvers av ansvarsområda.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i samfunnet, og oppmodar kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring, etnisitet, religion, kjønn, alder, seksuell orientering og funksjonsevne, til å søke jobb hos oss.
Vi er ei IA-verksemd, som betyr at både arbeidsgjevar og dei tilsette, pliktar seg til systematisk samarbeid for å oppnå eit meir inkluderande arbeidsmiljø. Vestland fylkeskommune har avdelingar i Bergen, Leikanger og Førde. Stillinga har arbeidsstad på Leikanger eller i Førde.
Velkommen som jobbsøkjar hjå oss!
Arbeidsoppgåver
- bidra til lokalt, regionalt og nasjonalt utviklingsarbeid
- fagleg dialog og samarbeid med statlege organ, kommunane, akademia og andre relevante fagmiljø
- kunnskaps- og kompetanseutvikling, rettleiing og formidling
- understøtte og samordne utviklinga av Vestland fylkeskommune sin politikk for fagområda inkludering og folkehelse
- bidra i løysinga av fylkeskommunen sine oppgåver innan fagområda
- internt samarbeid om tverrfaglege møteplassar, fagleg oppfølging og utviklingstiltak
- forvalting av statlege og fylkeskommunale tilskotsordningar
Kvalifikasjonar
- relevant utdanning på mastergradnivå til dømes samfunnsfag, idrettsfag eller helse- og sosialfag
- kjennskap til fagområda
- kjennskap til relevante lovverk
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god forståing av digitale verktøy og generell ikt-kunnskap
Personlege eigenskapar
- systematisk, utviklingsorientert, initiativrik og handlekraftig
- god til å bygge relasjoner og samarbeid
- evne til å inspirere og presentere fagområdet i ulike samanhengar
- evne til både sjølvstendig arbeid og arbeide i team
- stor arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- mangfaldig arbeidsplass, både i bakgrunn, erfaringar og livsfasar
- ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass
- faglege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA)
- løn og stillingstittel etter kvalifikasjonar og avtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- fleksibel arbeidstid
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Vestland fylkeskommune nyttar nynorsk språk.
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6800 Førde
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Kunst og kultur, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rådgiver, saksbehandling, integrering, folkehelse, planarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373530592
- Sist endret