Produksjonsleiar, datagolv
Leirvik AS
- Frist 14.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Produksjonsleiar, datagolv
Leirvik har produsert datagulv (RAF, Raised Access Floor) i over 35 år, og har satt bransjestandarden med tanke på enkel og effektiv installasjon, låg vekt, styrke, holdbarhet, sikkerhet og overlegenhet fleksibilitet.
Me søkjer etter ein dyktig og engasjert produksjonsleiar, som er motivert til å bidra i å leie, og delta i, produksjon av datagolv her ved Leirvik AS. Me opplever ei aukande mengd oppdrag og ynskjer å styrkje kompetansen vår innan utviklinga av produktet for å sikre kvalitet og effektivitet i prosjekta våre. Som leiar av produksjonen vil du vera sentral i å sikre effektiv drift, og å oppretthala dei høge kvalitetsstandardene våre.
Stillinga inngår ikkje i rotasjon.
Arbeidsoppgåver
- Utarbeide og gjennomføre produksjonsplanar i samsvar med kundekrav og tidsfristar
- Ivareta HMS knytt til arbeidet
- Sikre rett kvalitet på produktet gjennom heile produksjonsforløpet
- Sikre effektiv drift gjennom å koordinere og delta i den daglege produksjonen, inkl. pakking av datagolv
- Sørge for at verktøyparken knytt til produksjonsflyten er i god stand
- Supervising og montering av datagolv ute hos kunde
- Samarbeide tett med andre for å sikre effektiv produksjon og leveranse til riktig tid, herunder tett dialog med prosjektleiar
- Ansvar for å følge opp budsjett og timeforbruk i samband med produksjonen
- Rapportering inn mot prosjekta
- Kontinuerleg forbetringsarbeid knytt til produksjonsforløpet
- Delta i andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
- Evne til å leie andre
- Evne til å arbeide sjølvstendig og som ein del av eit team
- Nøyaktigheit, pålitelegheit og evne til å jobbe effektivt
- Språk: Føretrekker norsk, men minimum engelsk skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar
- Gode leiareigenskapar
- Gode datakunnskapar
- Godt engasjement og vilje til å utføre arbeidet med høg kvalitet
- God kommunikasjonsevne og evne til å samarbeide godt med kollegaer frå eit fleirkulturelt miljø
- Evne til å handtere fleire oppdrag samtidig og prioritere arbeidsoppgåver
- Påliteleg og ansvarsfull med evne til å overhalde tidsfristar
- Positiv haldning og evne til å handtere utfordrande situasjonar på ein konstruktiv måte
- God sikkerheitskultur
Me tilbyr
- Eit trygt og godt arbeidsmiljø i «Leirvik-familien»
- Ein spanande arbeidskvardag i lag med dyktige kollegaer
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår og tilbod om kjøp av ansattaksjar
- Gode pensjons- og velferdsordningar
Send inn din søknad, og bli ein del av eit sterkt fagmiljø hos Leirvik AS!
For english version: https://leirvik.com/career/
Om arbeidsgiveren
Leirvik AS er ei moderne verksemd med 250 topp kvalifiserte medarbeidarar. Etter nær 50 år med bygging og vedlikehald av offshore bustadhotell, satsar me no i tillegg på nye område som akvakultur, infrastruktur og havvind.
Me har i dag eit breitt ingeniørmiljø som utviklar teknologi og løysingar som vert nytta for å byggja og vedlikehalda bustadhotell, både på eige verft på Stord og offshore.
Det har vore eit krav til omstilling heile vegen – og me har klart det takka vera ei kontinuerleg nyskapings- og entreprenørånd gjennom generasjonar.
Og det aller viktigaste; me har gode folk på alle plan!
- Sektor: Privat
- Sted: Storhaugvegen 130, 5416 Stord
- Bransje: Bygg og anlegg, Industri og produksjon, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Produktledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Produksjonsleder, Bygg, Leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373541285
- Sist endret