Fagingeniør generell kjemi
Helse Fonna HF
- Frist 20.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Fagingeniør generell kjemi
Vi har ledig ei fast stilling som fagingeniør innan generell kjemi ved medisinsk biokjemi i Haugesund, avdeling for laboratoriemedisin.
Her vil du bli del av eit fagmiljø som jobbar med spennande felt som klinisk kjemi, immunkjemi, allergi og elektroforese.
Vi arbeidar i topp moderne lokalar med ein splitter ny analysehall og den nyaste teknologien. Avdelinga er akkreditert etter ISO 15189, så kvalitet står alltid i fokus. Stillinga er turnusbasert, med arbeid kvar fjerde helg.
For å sikre fagleg utvikling, har vi sett av tid til fagdager og deltaking på brukarmøter med leverandørar. Her får du moglegheit til å vidareutvikle metodar og få fagleg påfyll. I tillegg jobbar du tett saman med medisinsk ansvarleg overlege.
Vi er opptekne av eit godt arbeidsmiljø! Med ukentlege personalmøter og sosiale aktivitetar som bowling, turar, quiz og kos, har vi mykje å by på – inkludert litt trim midt i dagen når vi har tid!
Ved intern tilsetjing kan det bli ledig ei fast ingeniørstilling, så oppgje gjerne i søknaden om det er av interesse.
Høyrest dette spennande ut? Søk i dag!
Arbeidsoppgåver
Som fagingeniør vil du:
- delta i prosessar for anskaffing, validering og verifisering av utstyr
- vidareutvikle og optimalisere rutinar og prosedyrar innan fagområdet
- utføre ordinære driftsoppgåver ved Medisinsk biokjemi
- delegere arbeidsoppgåver til kvalifisert personell
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør er eit krav
- Minimum 2 års erfaring innan medisinsk biokjemi
- Erfaring med fagansvar og fagområdet vil bli vektlagt
- Erfaring fra arbeid med laboratorieautomasjon er ønskeleg
- Erfaring fra prosedyreskriving er ein fordel
- Det er ein fordel med gode gode IKT-kunnskaper, spesielt i Excel
Personlege eigenskaper vert vektlagde.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er sjølvstendig, ansvarsbevisst og løysingsorientert
- er arbeidsam, med gode samarbeidsevner og har fokus på pasienten
- har høg arbeidsmoral
- trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bioingneiør, laboratorie
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373714045
- Sist endret