Hospitaldrift Tekstilforsyning søker motiverte vaskerioperatørar
Helse Bergen
- Frist 17.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Hospitaldrift Tekstilforsyning søker motiverte vaskerioperatørar
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinke tenester og -produkt til føretaket.
Hospitaldrift har 8 einigar og om lag 750 medarbeidarar. Hospitaldrift Tekstilforsyning er ei av einingane og har som oppgåve å forsyne Helse Bergen med tekstilar for pasientar og tilsette på dei ulike avdelingane i sjukehuset som nyttar tekstilar i sitt arbeid. Eininga har om lag 60 tilsette.
Sjukehusvaskeriet vaskar om lag 13 tonn tekstilar kvar arbeidsdag, 5 dagar i veka. Vårt produksjonsanlegg er i eige bygg på hovudområdet til Haukeland universitetssjukehus. Vi vaskar primært for Helse Bergen, men har i tillegg produksjon for nokre eksterne kundar.
Produksjonstida varierer innanfor tidsrommet frå kl 07.00 til 17.00, måndag til fredag.
4 faste stillingar i og 4 vikariat frem til 30. september 2025
Søknad på anna språk enn norsk vil ikkje bli vurdert.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og sortering av skittentøy
- Vask av transportvogner
- Produksjonsarbeid; handtering av tøy ved hjelp av ulike maskinar
- Sortering og bretting av tekstilar
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå vaskeri er ein fordel
- Vi søker etter personar med god evne for produksjonsarbeid
- God logistikkforståing
- Det vil bli stilt krav om norskkunnskap
- Opplæring blir gitt i forhold til arbeidsoppgåvene
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, ærleg og lojal
- Du har gode samarbeidsevner og kan jobbe i team
- Du er serviceinnstilt
- Du likar å jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
Vi tilbyr deg
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Godt arbeidsmiljø og teamarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 8
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Industri og produksjon, Tekstil
- Stillingsfunksjon: Produksjon, Produksjonsteknikk/Prosessteknikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Vaskeri, Produksjon, Logistikk, vaskerioperatør, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374238244
- Sist endret