Rådgivar personvern
Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal
- Frist 31.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Har du juridisk kompentanse eller kompetanse innan IKT-sikkerheit og risikovurdering?
Om stillingen
Selskapet er i vekst og vi får stadig fleire kommunar med i personvernordninga. Vi søker etter ein rådgivar innan personvern som har juridisk kompentanse, eller kompetanse innan IKT-sikkerheit og risikovurdering.
Personvernrådgivar skal ha ei heilskapleg og einskapleg tilnærming til arbeidet, og skal bidra til å tydeleggjere krav og forventningar som personvernlovverket stiller til kommunen.
Selskapet har i dag kontor i Ålesund.
Arbeidsoppgåvene
Hovudoppgåva er å bidra til at personvern får nødvendig prioritet og bidra til at deltakande kommunar og fylkeskommunen etterlever personvernlovgivinga.
Ansvar og oppgåver vil blant anna bestå i;
- Tolke regelverk og bidra til at kommunane sin praksis er innanfor rammene i personvernregelverket og tilgrensande regelverk
- Handtering av eigen portefølje beståande av både komplekse og mindre komplekse juridiske saker
- Gjennomføre kontrollar
- Utarbeide rapportar og følge opp med møteverksemd i kommunane
- Halde deg oppdatert på relevant nasjonal og internasjonal regelverksutvikling, føringar og strategiar
- Delta i ulike nettverk og gjennomføre kompetansehevande tiltak
- Bidra i opplæring og foredragsverksemd i kommunane
Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga.
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå arbeid med juridiske problemstillingar innan personvern, tilgrensande regelverk og kommunal forvaltning
- Erfaring med rådgiving innan informasjonssikkerheit og risikostyring
- Teknisk forståing og gode digitale ferdigheiter
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (nynorsk og bokmål)
- God evne til å formidle og kommunisere - både skriftleg og munnleg, på norsk
Det må påreknast noko reiseverksemd i forbindelse med stillinga.
Personlege eigenskapar
- Ha gode samarbeids-, kommunikasjons-, og formidlingsevner
- Ha høg integritet og god rolleforståing
- Kunne utføre oppgåvene sine på ein uavhengig måte
- Evne til å jobbe i team
- Evne til å arbeide sjølvstendig, effektivt og strukturert
- Vere fleksibel og utviklingsorientert
Krav til kompetanse
- 3-5-årig U/H-utdanning i rettsvitskap/juridisk embetseksamen eller utdanning innan informasjonssikkerheit, teknologi, sikring eller digitalisering
- Ønskeleg med god kompetanse på regelverk og standardar innan personvern, tilgrensande regelverk og kommunal forvaltning
- Erfaring frå arbeid med juridiske problemstillingar innan personvern, tilgrensande regelverk og kommunal forvaltning
Solid og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
Vi tilbyr
- Fast stilling: Rådgivar
- Arbeid med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
- Moglegheit for å delta på kurs og konferansar
- Eit tverrfagleg godt arbeidsmiljø
- Pensjonsordning i KLP
- Lønn etter avtale
Spørsmål til stillinga
Kontakt
- avdelingsleder, Jan Aakvik, Tlf: 916 25 091
- faglig ansvarlig, Karen Vanessa Sundgot Gurskevik, Tlf: 920 76 580
Om arbeidsgiveren
Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal IKS (IKA Møre og Romsdal) er eit interkommunalt selskap eigd av 28 kommunar samt Møre og Romsdal fylkeskommune. IKA Møre og Romsdal forvaltar papirbasert og digitalt arkiv for eigarane. Vi er ein kompetanseinstitusjon innan arkiv, digitisering og dokumenthandtering.
I tillegg leverer vi tenesta personvern til dei fleste av eigarane våre. Samt kulturtenestene Privatarkiv, FylkesFOTOarkivet og Fylkessenter for digitisering av kulturarven.
Selskapet har i dag 29 tilsette og kontor i sentrum av Ålesund.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kirkegata 10B, 6004 Ålesund
- Bransje: Arkiv og bibliotek
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
personvern, juridisk, ikt-sikkerhet, rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374241980
- Sist endret