Seksjonsoverlege
Helse Bergen
- Frist 03.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Seksjonsoverlege Voss Kirurgisk avdeling
Søkjer du ein kvardag med nærleik til frisk luft og fjell? Men samstundes ynskje om å arbeide i eit nært, spanande og utfordrande sjukehusmiljø?
Velkomen til Voss!
Voss Kirurgisk avdeling søkjer etter ein ny kollega og leiar. Vi har ledig stilling som seksjonsoverlege frå 01.12.24 eller etter avtale. Her møter du eit ungt fastbuande overlegekollegium der mange har fått si spesialistutdanning i Helse Bergen.
Voss sjukehus, Kirurgisk seksjon har 6 fast tilsette gastrokirurgar og 5 LIS 2. Kirurgisk seksjon behandlar generell- og gastrokirurgiske pasientar. Vi utfører gallekirurgi, ulike typar tarmreseksjonar, fedmekirurgi, proktologiske tilstandar og alle typar brokk. I tillegg har sjukehuset akuttfunksjon innan traumatologi. Vi har stor endoskopisk aktivitet.
Vi har tett samarbeid med gastrokirurgisk avdeling ved Haukeland Universitetssjukehus, både undervisningsmessig og operativt. Vi får overført ulike pasientar til operativ behandling på Voss sjukehus. I tillegg opererer kirurg frå HUS pasientar på Voss sjukehus.
Generelt om Voss sjukehus
Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.
Litt om Voss
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjend gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset, og ein flott golfbane. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Delta i avdelinga si vaktordning, for tida 6-delt
- Arbeide tett saman med direktør og dei øvrige seksjonsleiarane
- Du er arbeidsgjevarrepresentant og balanserer dette klokt mot dine kollegaer
- Du har overordna ansvar for pasientbehandling i din seksjon
- Du har ansvar for økonomi, fag, kompetanse og fagleg utvikling på din seksjon
- Ansvar for samarbeid med Kirurgisk klinikk på Haukeland
- Personal- og budsjettansvar
Kvalifikasjonar
- Klinisk erfaring frå offentlege sjukehus
- Fordel med erfaring frå lokalsjukehus
- Spesialist innan Gastrokirurgi og/ eller Generell kirurgi
- Erfaring frå prosjektarbeid, undervisning og/ eller leiing
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Engasjert for eit godt offentleg helsevesen
- Opptatt av å sikre framtida til Voss sjukehus
- Du er interessert i å utvikle og utøve godt leiarskap
- Du jobbar sjølvstendig og er løysingsorientert
- Du er god på tverrfagleg samarbeid
- Du er opptatt av å skape eit godt arbeidsmiljø og opptrer samlande for dine medarbeidarar
Vi tilbyr
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø. Hjå oss helsar vi på kvarandre i gangane og har ein kantinekultur vi er stolte av
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit framifrå natur- og fritidstilbod
- Eit ungt og kollegialt fellesskap
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Kirurgi, Overlege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
overlege kirurgi, seksjonsoverlege, Voss sjukehus, kirurgi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374415373
- Sist endret