Avdelingsleiar – NAV Hjelpemiddelsentral Vestland avd. Tolk
NAV
- Frist 27.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar – NAV Hjelpemiddelsentral Vestland avd. Tolk
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen har ei ledig 100 % stilling som avdelingsleiar (stillingskode 1407) ved avdeling Tolk.
Hjelpemiddelsentralen er eit ressurs- og kompetansesenter, og avd. Tolk har ansvar for tolking for høyrselshemma, døve og døvblinde i Vestland fylke.
Vi søkjer ein tydeleg, ærleg og framtidsretta avdelingsleiar i Bergen. Leiaren rapporterer til seksjonssjefen for avdelinga. Avdelingsleiaren og seksjonssjefen deler personalansvaret for tilsettgruppa, og begge sit i avdelingsdirektøren si leiargruppe
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar skal du
- leie og utvikle avdelinga- ha personalansvar
- utvikle fagkompetansen i avdelinga i tråd med nasjonale føringar
- jobbe med overordna problemstillingar på avdelinga
- vere ein pådrivar for utviklingsarbeid
- koordinere intern og ekstern samhandling
- følgje opp sentralt strategiarbeid
Kvalifikasjonar
Du må ha
- høgare utdanning innan organisasjon og leiing, eller liknande utdanning
- dokumentert leiarerfaring med personalansvar
- interesse for å jobbe med ulike digitale flatar og kommunikasjonskanalar
- god kommunikasjonskompetanse
Vi ynskjer at du har
- tolkefagleg utdanning og/eller annan relevant tolkefagleg kompetanse
- leiarerfaring frå offentleg verksemd
- erfaring med å skape gode resultat og entusiasme i avdeling/organisasjon
- erfaring frå gjennomføring av endrings- og utviklingsprosessar
Personlege eigenskapar
Du må
- identifisere deg med NAV sin visjon og verdiar
- meistre stort arbeidspress, vere strukturert og resultatfokusert
- evne å skape eit stort engasjement
- evne å hente det beste frå dine tilsette
- kunne jobbe kunnskapsbasert
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Vi forventar at du har evne til tydeleg leiing og til å skape gode relasjonar både internt og eksternt.
Vi tilbyr
- spennande, utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde- eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø
- fleksibel arbeidstid
- medarbeidarar med høg kompetanse
- lønn kr. 692 400 – 732 300, høgare lønn kan vurderast for særleg godt kvalifiserte søkjarar
- god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå lønna blir det trekt 2 %)
Om arbeidsgiveren
NAV søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i NAV. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrifter via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5257 Kokstad
- Bransje: Helse og omsorg, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374533885
- Sist endret