Avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør IT
Høgskulen på Vestlandet
- Frist 31.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør IT
Høgskulen på Vestlandet lyser ut to faste stillingar som avdelingsingeniør/overingeniør eller senioringeniør IT.
Avhengig av din faglege profil, vil du inngå i ei av faggruppene IT Infrastruktur eller IT System. Du får ein variert og innhaldsrik arbeidsdag med høve til å påverke teknologilval, løysingar og arbeidsmetodar.
Stillingane har arbeidsstad ved ein av høgskulen sine fem campus - Førde, Sogndal, Stord, Haugesund eller Bergen.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Drift av HVL sine IT-system, OnPrem og OnLine
- 2. og 3.-linje støtte
- Planlegge, installere vedlikehalde, utføre endringar og dokumentere løysingar
- Sikre at IT-sikkerheita vert ivaretatt
- Stillinga kan bli tillagt andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- For tilsetting i stilling som avdelingsingeniør krevst minimum 3-årig høgskuleutdanning som ingeniør eller utdanning av tilsvarande lengde og omfang innan relevante fagområde
- For tilsetting i stilling som overingeniør krevst relevant utdanning på minimum bachelornivå. Det vil bli vektlagt at vedkomande har omfattande og relevant arbeidserfaring, både direkte fagkompetanse og eventuelt leiarerfaring, i tråd med hovudarbeidsfeltet til stillinga
- For stilling som avdelingsingeniør og overingeniør kan relevant erfaring kompensere for utdanningskravet
- For tilsetting i stilling som senioringeniør krevst relevant utdanning på minimum masternivå. Det er ein føresetnad med omfattande relevant erfaring og spesialkompetanse på særleg høgt nivå tilpassa funksjonane i stillinga. Realkompetanse kan kompensere for kravet om fullført mastergrad, med føresetnad om at kandidaten har bachelorgrad.
- God munnleg og skriftlig framstillingsevne på norsk og engelsk
- Gode kunnskapar innan eitt eller fleire av desse fagområda:
- Nettverkskunnskap med hovedvekt på Cisco
- Virtuelle og/eller fysiske serverar, med hovudvekt på Vmware
- EntraID og Intune
- Teams og Sharepoint
- Dataflyt, integrasjonar og dataarkitektur
- WLAN
- Lastbalansererar
- Nettverksovervaking, loggovervaking, logganalyse
- Informasjonssikkerheit
Ønska kvalifikasjonar:
- relevante sertifiseringar
- erfaring frå UH-sektoren
- prosjektkompetanse
Personlege eigenskapar:
- god kommunikasjonsevne og evne til å samarbeide med ulike fagområder
- evne til å arbeide sjølvtendig og i team
- analytisk og problemløysande tankegang
- resultatorientert
- nysgjerrig på ny teknologi, motivert til å lære og utvikle deg sjølv i stillinga
- fleksibel og tilpassingsdyktig
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Du må være løysingsorientert, bevisst på informasjonssikkerheit og ha fokus på stabil og effektiv drift.
HVL er underlagt sikkerhetsloven (lov om nasjonal sikkerhet). Det kan bli aktuelt med sikkerheitsklarering og/eller autorisering i denne stillinga
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillingane er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1085 avdelingsingeniør/ 1087 overingeniør/ 1181 senioringeniør.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master- eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d)
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte grader frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å legge ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d/automatisk-godkjenning-et-raskere-alternativ)
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør derfor sende søknad om godkjenning så raskt som mogleg når du veit at du vil søke på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar fra HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bedt om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til bruk i handsaming av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Svein-Ove Urdal, tlf: 55 58 77 46,
e-post: svein-ove.urdal@hvl.no
2) Nestleiar Idar Magne Flemmen
e-post: idar.flemmen@hvl.no
Inkludere, utfordre og samhandle
Les mer på våre hjemmesider. (http://www.hvl.no)
Om arbeidsgiveren
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering er plassert organisasjonsdirektøren si linje.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Inndalsveien 28, 5063 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, IT-sikkerhet, IT-support
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374720765
- Sist endret