IT - medarbeidar
Høgskulen på Vestlandet
- Frist 31.10.2024
- Ansettelsesform Fast
IT - medarbeidar
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for organisasjonsutvikling har ledig ei fast 100 % stilling som IT - medarbeidar
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering har ledig ei fast stilling ved faggruppa Brukerretta tenester.
Stillinga inngår i ei faggruppe som ivaretek drift, bestillingar, lisensar, IT-support og vidare utvikling av system og tenester i faggruppa. Du vil ha ein variert og innhaldsrik arbeidsdag, med høve til å påvirke valg av teknologiar, løysingar og arbeidsmetodar. I stillinga inngår samarbeid og koordinering av bestillingar, lisenshandtering og skjema knytt til bestillingar.
Arbeidsstad vil vere campus Bergen.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Bestilling- og lisensansvar knytt til faggruppa brukerretta tenester
- Bestilling av forbruksmateriell og IT-utstyr
- Rådgjeving innan IT-utstyr til ulike prosjekt
- Utvikling av skjema knytt til bestillingar
- Fordeling av saker til Bestilling/Lisens team i sakssystemet
- Delta i prosjekt for å forbetre og utvikle gode løysingar for HVL
- Oppfølgjing og rettleiing av lærlingar
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga innan avdelinga sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- For tilsetting i stilling som avdelingsingeniør krevst minimum 3-årig høgskuleutdanning som ingeniør eller utdanning av tilsvarande lengde og omfang innan relevante fagområde
- For tilsetting i stilling som overingeniør krevst relevant utdanning på minimum bachelornivå. Det vil bli vektlagt at vedkomande har omfattande og relevant arbeidserfaring, både direkte fagkompetanse og eventuelt leiarerfaring, i tråd med hovudarbeidsfeltet til stillinga
- For stilling som avdelingsingeniør og overingeniør kan relevant erfaring kompensere for utdanningskravet
- For tilsetting i stilling som senioringeniør krevst relevant utdanning på minimum masternivå. Det er ein føresetnad med omfattande relevant erfaring og spesialkompetanse på særleg høgt nivå tilpassa funksjonane i stillinga. Realkompetanse kan kompensere for kravet om fullført mastergrad, med føresetnad om at kandidaten har bachelorgrad.
- For tilsetting i stilling som teknikar krevst 3-årig vidaregåande skule eller tilsvarande, helst relevant tilleggsutdanning og praksis frå sjølvstendig arbeid.
- Gode kunnskapar i fag- og ansvarsområdet, samt kunnskap om utstyr og teknologi innan fagfeltet
- Erfaring frå bestilling og lisenshandtering tel positivt
- God munnleg og skriftlig framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlige egenskaper:
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Grundig og detaljorientert, med evne til å sjå samanhengar
- Trivs med å arbeide med ny teknologi og tileigne deg ny kunnskap
- God arbeidskapasitet og evne til å ta initiativ
- Fleksibel og løysingsorientert
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Ansvar og arbeidsoppgåver i stillinga vil bli tilpassa ut frå kompetansen til den som blir tilsett.
HVL er underlagt sikkerhetsloven (lov om nasjonal sikkerhet). Det kan bli aktuelt med sikkerheitsklarering og/eller autorisering i denne stillinga.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som IT-medarbeidar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1085 avdelingsingeniør/1087 overingeniør/ 1181 senioringeniør/1091 Teknikar, etter kompetanse.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master- eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d)
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte grader frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å legge ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d/automatisk-godkjenning-et-raskere-alternativ)
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør derfor sende søknad om godkjenning så raskt som mogleg når du veit at du vil søke på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar fra HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bedt om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til bruk i handsaming av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Fagansvarleg Vegard Anuglen, tlf 53 49 13 16,
e-post vegard.anuglen@hvl.no
2) Nestleiar Idar Magne Flemmen,
e-post: idar.flemmen@hvl.no
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider. (https://www.hvl.no/)
Om arbeidsgiveren
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering er plassert organisasjonsdirektøren si linje.
Eininga har i dag om lag 50 tilsette, med IT som det klart største tenesteområdet. I tillegg har vi ansvar for organisasjonsutvikling, leiarutvikling og dokumentforvaltning. Vi skal både hjelpe fageiningane direkte, og indirekte via utvikling av effektive administrative arbeidsformer. Sentralt i dette står arbeidet med å utvikle digitale løysingar knytt til alle våre oppgåver. Omstillingsarbeid er også i stor grad organisasjonskulturarbeid. Eininga har dette som særleg fagleg ansvar, og driv omfattande utvikling av leiarar og leiing.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Inndalsveien 28, 5063 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, IT-support
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374721428
- Sist endret