Pedagogisk leiar
Klepp kommune
- Frist 31.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Pedagogisk leiar
Engelsvoll barnehage har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.01.2025, eller oppstart etter avtale.
Engelsvoll barnehage er ein 5 – avdelings kommunal barnehage som ligg på Engelsvoll/Klepp stasjon i Klepp kommune. Me er ein Marte Meo sertifisert barnehage som legg stor vekt på det gode møtet mellom barna og omsorgspersonen. Barnehagen har ein utdanna Marte Meo kollegaveileder, og det er eit mål at alle ansatte skal ha kompetanse på Marte Meo. Marte Meo er ein utviklingstøttande pedagogikk som vert brukt i veiledning av personale for å auke relasjonskompetansen og kvaliteten på samspel med barna.
Me er opptatt av å skapa eit trygt og godt inkluderande miljø for barn, foreldre og ansatte, og har vært med i pulje 4 Udir sitt utviklingsarbeid “Trygt og inkluderande barnehagemiljø.”
Hos oss vektegger me å gje rom for leken og leikande læring i kvardagen, og å leggje til rette for at samspel og aktivitetar er tilpassa det enkelte barns behov.
Me har eit godt fagleg miljø med fokus på å være ein lærande organisasjon. Pedagogisk leiar er ein del av av barnehagen sitt leiarteam, som er ansvarleg for barnehagen sin heilskap og skal delta aktivt i utviklinga av organisasjonen.
Pedagogisk leiar har det fagleg-pedagogiske ansvaret for avdelinga han/ho er knytt til, og skal bidra til at barnehagen samla driv som ei godt tilrettelagt pedagogisk verksemd, i tråd med barnehageloven sitt formål, og rammeplan for barnehagar. Pedagogisk leiar har ansvar, saman med styrar, for det psykososiale miljøet på avdelinga, og skal arbeida for at både barn, foreldre og medarbeidarar har ein god kvardag i barnehagen.
Barnehagen ligg så nær Engelsvoll skule at to avdelingar er i kjellaren til skulen. Dette gjer at me har et tett og godt samarbeid med skulen ifht. overgang frå barnehage til skule. Barnehagen ligg og nær Frøylandsvatnet med tilgang til flotte turområde. Det er og kort veg til togstasjonen på Klepp stasjon.
Velkommen til å søke! Me oppfordrer 3. års studenter som tar barnehagelærarutdanning å søke.
Arbeidsoppgåver
- Leia og organisera det pedagogiske arbeidet ifht enkeltbarn og barnegruppa i tråd med barnehageloven sitt formål og rammeplan.
- Samarbeida godt med andre, dela kunnskap, erfaringar og informasjon. Støtta og utfordra andre for å nå teamet sitt mål.
- Kommunisera på ein klar, presis og strukturert måte.
- Vera ein autoritativ leiar. Skapa ei god atmosfære, støtta, utfordra og oppmuntra teamet.
- Samarbeida godt med andre, dela kunnskap, erfaringar og informasjon. Støtta og utfordra andre for å nå teamet sitt mål.
- Ansvar for målsetting og resultat, og se en heilhetleg utvikling av det faglige miljøet i barnehagen
- Sensitivitet overfor enkeltbarn og barnegruppa.
- Samarbeide med PPT, barnevern, helsestasjon og andre instansar som er involvert i arbeidet med barna.
Kvalifikasjonar
- Godkjend barnehagelærarutdanning. For søkarar med relevant utdanning frå andre land enn Norge kreves det godkjenning for utdanningen fra utdanningsdirektoratet (NOKUT)
- Søkarar må tilfredstilla krav som kjem fram i barnehagelova kapittel IV -personal.
- Godkjend politiattest må foreliggje før tiltredelse
- Personlege eigenskaper vil verte vektlag7
- For stillingar i barnehage er det språkkrav etter barnehagelova §27 og §28
Personlege eigenskapar
- Du har interesse for og ønske om å arbeida med barn.
- Du har blikk for barn sin leik og er aktiv saman med barna i leik både inne og ute.
- Du har gode kommunikasjons – og samarbeidsevner.
- Du er positiv og vil vere med og skapea/oppretthalda eit godt arbeidsmiljø.
- Du er god til å arbeida både sjølvstendig og i team.
- Du er fleksibel, løysningsfokusert og raus.
- Du har evne til refleksjon og nytenking.
- Du har evne til å jobbe strukturert og systematisk
- Du er opptatt av faget og barnas beste.
- Du har evne til å motivere kollegaer
Vi tilbyr
Eigen lønsstige for ped.leiar med relevant vidareutdanning 60 studiepoeng.
Eit godt arbeidsmiljø med eit godt fagleg miljø.
Arbeidsklær - ordning
Tilbud om Marte Meo-utdanning. (Praktiker - kollegaveileder)
Løn etter gjeldende avtaleverk og pensjnsordninger i KLP
Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger.
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som fremgår av utlysing, og dei til ein kvar tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler.
Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk.
Før oppstart må det leggjast fram tilfredstillande tuberkulin-status i tråd med forskrift om tuberkulosekontroll, samt politiattest i tråd med barnehagelova §30
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvednadalen 2, 4353 Klepp stasjon
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Pedagogisk leder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Barnehage, Pedagogisk leder, Leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374894426
- Sist endret