Portør- Assistent og reinhaldar
Helse Bergen
- Frist 25.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Portør- Assistent og reinhaldar
Er du vår nye kollega?
Kirurgisk Serviceklinikk (KSK), er den største somatiske klinikken i føretaket med ansvar for store delar av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og akuttmedisin på Haukeland universitetssjukehus. Over 1400 tilsette arbeider i klinikken pr.dags dato. Sterilforsyning og støtteavdelinga er ei stor avdeling i klinikken med sine tre seksjonar. Vi er ei attraktiv avdeling på 3 seksjonar som gir tenester av høg kvalitet for å sikre at helsepersonell i pasientbehandling opplever ein god logistikk av vare- og utstyrsflyt.
Støtte SOP er 1 av våre 3 seksjonar som gir service og support til ei av Noregs største operasjonsavdelingar og vi har følgande ledige stillingar:
- 1 x 100% vikariat som spesialreinhaldar i 1 år. Pt 3-delt turnus med kvar 4 eller 5 helg
- 1 x 100% vikariat som assistent hovudreinhald i 1 år. Pt 2-delt turnus med kvar 5 eller 6 helg
- 2 x 100% faste stillingar som portør med oppstart frå snarast. Pt 2-delt turnus med kvar 5 eller 6 helg
Oppgåvene våre er varierte og du får arbeide med svært kompetente kollegaer. Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker. Aktuelle kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju.
Ein må vere førebudd på allokering av personell til andre seksjonar i klinikken.
Arbeidsoppgåver
Assistent spesialrenhold:
- Reingjering og desinfeksjon av operasjonstover og andre reinhaldsoppgåver
- Sterilforsyningsoppgåver (medisinsk utstyrsbehandling)
- Bestille, motta og forsyne avdelinga med forbruksvarer
- Sørge for å halde god vareflyt gjennom dagen og bidra til å redusere risiko for "flaskehalsar"
- Rullering på ulike einingar må påreknas
Assistent hovudreingjering:
- Reingjering og desinfeksjon av operasjonstover og andre reinhaldsoppgåver
- Bestille, motta og forsyne avdelinga med forbruksvarer
- Rullering på ulike einingar må påreknast
Portør:
- Forsyningsmottak og distribusjon av utstyr og forbruksmateriell tilknytta driftsområde i klinikken
- Bestilling av varer og ulike narkosegassar
- Bistå med ulike typer oppgåver inn mot operasjonsteama og inne på operasjonstove
- Sørge for god forsyningsflyt gjennom dagen
- Hnadtering av avfall
- Assistere helsepersonell i transport av nyopererte pasientar
- Forefallande arbeid
- Nokre arbeidsoppgåver kan vere fysisk krevande
Nye oppgåver kan tilkomme og/eller bli endra i takt med sjukehuset si utvikling og behov. Vi sørver ulike einingar innad såvel som utanfor sentraloperasjonen. Rullering på ulike einingar må difor påreknast.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i forsyningslogistikk og/eller renhald er ønskeleg, men ikkje eit krav. Lang erfaring kan kompensere for fagbrev.
- Gjennomført vidaregåande skole
- Det er ønskeleg med erfaring frå relevant servicearbeid
- Du må kunne navigere i både web, outlook og word (enkle office program/ microsoft 365)
- Du må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg. Ikke nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2- nivå
- Du skal aktivt medverke til å skape eit godt og sikkert arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfelta
- Du bidrar positiv til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du har høg arbeidsmoral
- Du er punktleg og pålitetleg
- Du kan å arbeide i team, men også sjølvstendig
- Du må vise evne til fleksibilitet, sjå løysingar og arbeide sikkert, raskt og nøyaktig
- Du må trivast i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø med til tider høgt tidspress
- Du har evne til å ta til deg læring og medverke til ei god fagleg utvikling hjå deg sjølv så vel som for teamet
- Du er engasjert og tolerant og evnar å samarbeide med dine kollegaer og oppdragsgivar
- Du trivst mellom folk og deler erfaringar med andre
- Du er i god fysisk form
- Du kommuniserer og samarbeider godt med kollegaer
- Personleg eignetheit blir lagt særleg vekt på
Vi tilbyr
- Opplæring i alle våre system
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst for stillinga
- Kompetente kollegaer i eit herleg tverrfagleg arbeidsmiljø
- Mentor i opplæringsperioden
- Kurs jmf. sjukehuset si kursportefølje
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Renovasjon og renhold, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Logistikk og lager, Renhold
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
portør, Assistent renhold, renholder, spesialrenhold, steriloperasjon, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 375018297
- Sist endret