Forvaltar Arbeidsplanlegging og ressursstyring
Helse Vest IKT
- Frist 28.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Forvaltar Arbeidsplanlegging og ressursstyring
Seksjon for Administrative system høyrer til under avdelinga Tenesteutvikling. Her jobber ein med forvaltning og vidareutvikling av mange av dei store systemløysingane i Helse Vest, innan fagområde som HR, HMS, sak/arkiv, kvalitetsstyring, drift og eigedom samt prosjektstyring. I tillegg har seksjonen forvaltaransvar for Sjukehusapoteka Vest sine kjernesystem.
Ventetidsløftet med tilhøyrande behov for enda meir fokus på rett og god bruk av ressurser i pasientbehandling gjer at vi må styrke teamet rundt arbeidsplanlegging og ressursstyring. Vi søkjer derfor etter ein medarbeidar som kan bidra i forvaltingsarbeid rundt system og prosesser for dette. Dagens system i Helse Vest er Visma Gat, og stillinga inneber per tid forvaltingsarbeid og medverknad til viderutvikling av både system og prosesser, i tett samarbeid med foretakene i Helse Vest.
Vil DU vere med på den spennande vidareutviklinga innanfor dette fagfeltet og bistå til at leiarer og medarbeidarar får ein enklare kvardag? Er DU glad i ein jobbkvardag med høg aktivitet og varierte arbeidsoppgaver?
I jobben som forvaltar vil du vere den som har oversikt og som planlegg og koordinerer aktiviteten som skjer rundt løysinga. Du følgjer også opp opp utvikling og bruk. Du har tett samarbeid med systemansvarlege og superbrukarar både regionalt og lokalt, og du tek del i samarbeidsforum med helseføretaka. Du bistår også foretakene i planlegging og innføring av nye modular og ny funksjonalitet. Internt i Helse Vest IKT jobbar du i team med andre medarbeidarar rundt løysinga, samt opp mot andre interne ressurser i selskapet.
Arbeidsstad er Stavanger, Bergen, Haugesund eller Førde.
Arbeidsoppgåver
Du har, saman med teamet du jobbar i, ansvar for drift, forvalting og vidareutvikling av systemløysingane. Dette inneber at:
- Forbetring er viktig for deg, og du er ein pådrivar for vidareutvikling av system og arbeidsprosessar.
- Du gir råd, bidreg til problemløysing og handterer episodar.
- Du koordinerer ulike aktivitetar inn mot brukarmiljøa og internt i Helse Vest IKT.
- Du koordinerer aktivitet mot leverandør og er eit proaktivt kontaktpunkt for oppgraderingar, funksjons- og løysingsforbetringar.
- Du bidreg til at løysinger du forvaltar er godt dokumentert.
- Du deltek i, og kan også lede aktuelle prosjekt eller aktuelle arbeidsgrupper.
Kvalifikasjonar
- Relevant universitets-/høgskuleutdanning med fordjuping innan IKT eller helsefag
- Erfaring med forvalting av system.
- Kjennskap til bruk av ressurstyringssystem med tilhøyrande prosessar tel positivt.
- Kjennskap til helseføretak som brukarmiljø tel positivt.
- Teknisk kompetanse, erfaring og forståing er naudsynt dersom du ikkje har fordjuping innan IKT.
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar.
- Du er god på å gjere prioriteringar i ein hektisk kvardag.
- Du er strukturert, systematisk og har fokus på kvalitet.
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og likar å jobbe i team.
- Du har interesse for feilsøking og problemløysing.
- Du har interesse for vidareutvikling og er proaktiv.
Vi tilbyr
- Du får moglegheita til å medverke i utforminga av IKT-løysingar for framtidas helsevesen.
- Du får delta i spanande oppgåver både lokalt og regionalt.
- Du får delta i eit fellesskap og i team med mange kjekke kollegaer med brei kompetanse.
- Moglegheit for fleksible arbeidstidsordningar, inkludert fleksitid.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Flere arbeidssteder: Professor Olav Hanssensvei 7A, 4021 Stavanger, Øvregata 126, 5527 Haugesund, Førdegården Naustdalsvegen 5, 6800 Førde
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, Utvikler (generell)
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 375490670
- Sist endret