Teknisk fagstilling - strategisk samfunnsutviklar - 100% fast
Austrheim kommune
- Frist 28.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Teknisk fagstilling - strategisk samfunnsutviklar 100% fast
Om stillinga
Me søkjer ein strategisk samfunnsutviklar til ei fast 100% teknisk fagstilling. Du vil få ei viktig rolle i kommunen sitt arbeide med samfunnsutvikling og planlegging, der du bidrar til å forma framtida for lokalsamfunnet vårt.
Stillinga inneber alt frå langsiktig strategisk planlegging, til dagledagse utfordringar som må handterast. Du vil yte støtte til både plan- og byggesakseininga, samt til einingar som handterer veg, vatn og avløp, mellom anna. Vidare vil du spela ei sentral rolle i digitaliseringsutvikling innan sektoren, og bidra til å effektivisera og modernisera arbeidsprosessane.
Du vil ha tett kontakt opp mot lag og organisasjonar i kommunen, samt interkommunale samarbeid innan sektoren samfunn, og vera ein viktig samarbeidspart for å fremja felles løysingar og utviklingsprosjekt. Stillinga inneber og ei rolle i kommunal kriseleiing, der du vil bidra til å utvikla og implementera robuste beredskapsplanar for kommunen.
Arbeidskvardagen vil vera variert og krev samhandling med både politiske aktørar, eksterne partnarar og ulike fagmiljø i kommunen. Som strategisk samfunnsutviklar vil du få ansvar for å utvikla, evaluera og implementera planar og tiltak som legg grunnlaget for ein bærekraftig og robust kommune.
Arbeidsoppgåver
- Byggesakshandsaming
- Støtte mot plan og bygg
- Støtte mot veg, vatn og avløp
- Bidra til utvikling og implementering av digitaliseringsprosjekt i sektoren
- Kontakt opp mot interkommunale samarbeid, lag og organisasjonar innafor sektor samfunn
- I tillegg vil stillinga få ei rolle i kommunal kriseliing
Kvalifikasjonskrav
- Minimum 3 årig utdanning frå universitet, høgskule, fortrinnsvis tekniske fag
- Evt. fagbrev og 2 årig fagskuleutdanning
- Sertifikat B
Gode norskkunnskaper, skriftleg og munnleg
Ønska kompetanse:
- Erfaring frå prosjektleiing og byggeleiing
- Erfaring frå byggesakshandsaming
- Juridisk kompetanse
- Erfaring frå privat sektor og/eller kjennskap til offentleg forvaltning, lover og reglar innan plan og bygg
Kven ser vi etter?
Me ser etter ein fleksibel person som er god på relasjonar og som likar å jobbe i dialog med andre. Du ser moglegheiter for utvikling, er idèrik og har evne til å gjennomføre. Du jobbar sjølvstendig og i tverrfagleg samarbeid, og du har evne til å setje deg inn i nye utfordringar, situasjonar og datasystem. Personleg eignaheit vert vektlagt.
Me tilbyr
- Konkurransedyktig løn
- Ein arbeidsplass med fokus på fagutvikling i eit lærerikt arbeidsmiljø
- Stor variasjon i oppgåver, som gir solid utvikling av eigen kompetanse
- God pensjonsordning
- Moglegheit for vidareutdanning
Om arbeidsgiveren
Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.
Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sætremarka 2, 5943 Austrheim
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Håndverker, Ingeniør, Planlegger
Annonseinformasjon
- FINN-kode 375581737
- Sist endret