Grunnskulelærar Vangen skule
Voss herad
- Frist 25.11.2024
- Ansettelsesform Engasjement
Grunnskulelærar Vangen skule
Om skulen
Vangen skule er ein 1.-7. skule som ligg i sentrum av Voss og har omlag 235 elevar. Skulen ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til idrettsbane, bibliotek, symjehall, gondolbane og andre fasilitetar. Det er kort gangavstand frå jernbanestasjon og buss-stasjon. Satsingsområde er inkluderande skulemiljø med hovudfokus på sosial læring og utvikling.
Me har ledige stillingar som grunnskulelærar med tiltreding snarast.
Stillingane er både faste og i vikariat.
Primært ynskjer me å tilsetje i 100 % stilling, men ein kan søkje på delar av stillinga.
Arbeidsoppgåver
- undervisning på 1. - 7. trinn.
- planleggje, gjennomføre og vurdere læringsarbeidet
- sikre at alle elevane opplever meistring og god utvikling fagleg og sosialt
- kontaktlærarfunksjon kan bli lagt til stillinga
Me søkjer deg som har
- har undervisningskompetanse for grunnskulen
Me ysnkjer at du
- har undervisningskompetanse i minst eit av basisfaga norsk, matematikk eller engelsk
- har spesialpedagogisk kompetanse, anna relevant pedagogisk utdanning kan verte vurdert
Me ynskjer ein kollega
- med eit stort engasjement for elevane si faglege og sosiale utvikling.
- med gode dugleikar i klasseleiing og bidreg aktivt i det profesjonsfaglege fellesskapet
- med god relasjonskompetanse og tek humør og glede med deg i kvardagen
Voss herad tilbyr:
- rekrutteringstillegg på kr 20 000 for dei med grunnskuleutdanning (GLU) ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad.
- gratis årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
- kontaktlærartillegg kr 38 000 per år
- god ordning for etter- og vidareutdanning
- ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
- eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
- rettleiing for nytilsette/nyutdanna
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Om arbeidsgiveren
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Hestavangen 24, 5700 Voss
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer
Nøkkelord
grunnskolelærer, lærer, lærar, undervisning, grunnskolelærar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 375999543
- Sist endret