Fagansvarlig ingeniør
Helse Fonna HF
- Frist 08.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Fagansvarlig ingeniør
Vi har ledig ei 100% stilling som fagansvarlig ingeniør Molekylær diagnostikk, Patologi i Helse Fonna.
Laboratoriet vårt er flott plassert i den nye sørvestblokka, der ein kan nyte utsikta over Smedasundet og havet mot vest. På avdelinga vår har vi tatt i bruk ny, avansert teknologi med høg grad av automasjon og digitale løysingar, og vi er stadig under utvikling.
No leitar vi etter ein engasjert medarbeidar til ei fast stilling. Dette er ein dagstilling, og arbeidsdagen vil vere variert. Stillinga inneber ansvar for å vidareutvikle drifta av molekylærpatologi i Helse Fonna. Samtidig vil du få moglegheita til å lære og bidra i ulike delar av laboratoriets verksemd gjennom grundig opplæring.
Om det blir intern tilsetting, kan andre stillingar ved avdelingen bli ledige. Vennlegst nemn i søknaden din om dette høyrest interessant ut.
Vi ønskjer deg velkommen til å søke hos oss!
Arbeidsoppgåver
- Delta i laboratoriet sitt rutinearbeid
- Medverknad til vidareutvikling av sekvensering og PCR analysar
- Ansvar for utvikling og oppstart av Next Generation Sequencing og andre fremtidige prosjekt på fagfeltet
- Ha ansvaret for utprøving og validere/verifisere nye metodar eller instrument saman med ansvarleg lege og funksjonsleiar Patologi
- Bidra til utvikling og vera faglig oppdatert i faget molekylærpatologi
- Delta i avgjerdsprosessar angåande innkjøp og implementering av metodar og medisinsk teknisk utstyr
- Ansvar for å utarbeide nødvendige opplæringsplaner, opplæring og undervisning innan fagområdet
Kvalifikasjonar
- Mastergrad innan molekylærbiologi eller anna relevant utdanning
- Teoretisk og praktisk kunnskap om nukleinsyrebaserte metodar innan molekylærdiagnostikk vil bli vektlagt
- Kunnskap/erfaring med metodeutvikling, PCR og Next Generation Sequencing er ein fordel
- Kompetanse innan bioinformatikk er ynskjeleg
- Erfaring og kompetanse frå klinisk medisinsk laboratorium og kvalitetssikringssystem er ein fordel
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- trives med å arbeide i eit tverrfaglig miljø og meistrar eit høgt tempo
- har høg arbeidskapasitet, motivasjon og interesse for fagfeltet
- bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- har god faglig vurderingsevne, arbeider målretta, strukturert og nøyaktig
- er god til å sjå kva som må gjerast, tilbyr og mottar hjelp
- tåler å stå i krevande situasjoner
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Eit laboratorium og eit fagområde under utvikling
- Hos oss er vi ein inkluderende arbeidsliv-bedrift (IA- bedrift)
- Her får du ein spennande og utfordrande jobb
- Du blir ein del av eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø i heilt nytt laboratorium
- Løn etter avtale og dokumenterte kvalifikasjoner og erfaring
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stillinga, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundsgt. 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bioingeniør, biokjemi, fagingeniør, forskning, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 376655576
- Sist endret