Forretningsutviklar
Aksello AS
- Frist 27.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Har du lidenskap for å skape vekst i næringslivet? Ønskjer du å bidra til at gründerar når sitt fulle potensial?
Då er stillinga som forretningsutviklar i Aksello noko for deg!
Aksello er lokalisert i Florø og består av eit engasjert team som brenn for å bistå gründerar og næringsliv med å lykkast!
Gjennom Siva (Selskapet for industrivekst) sine program, fylkeskommunale virkemiddel og tett dialog med nasjonale og internasjonale virkemiddelaktørar i tillegg til etablerte investornettverk, bistår vi alt frå nye idear til etablerte bedrifter, og næringsliv med omstilling og utvikling. I tillegg jobbar vi tett saman med Kinn Kommune om førstelinjetenester og er ein viktig rådgjevar i kommunen sitt arbeid med næringsutvikling.
Gjennom vårt inkubatorprogram har vi til ei kvar tid om lag 30 selskap i portefølja. Av ei lang rekke med suksesshistorier kan vi nemne selskap som Evoy, Retrams og Dimeq.
Vi søker etter ein engasjert og dyktig forretningsutviklar som er god på å forklare komplekse problemstillingar enkelt og vil være ein trygg rådgivar for vårt nettverk. Som ein del av vårt team vil du ha ei sentral rolle i å utvikle morgondagens arbeidsplassar og styrke regionalt næringsliv.
Kva vil du gjere hos oss?
- Rettleie gründerar og oppstartsbedrifter i deira vekstfase, inkludert forretningsutvikling, finansiering og markedsstrategiar.
- Leie og koordinere nettverk og prosjekt som hjelper næringslivet i regionen til å vokse med fokus på innovasjon, omstilling og tilpasse seg nye marknader.
- Bidra til å utvikle og betre våre program og finne løysingar som hjelper våre deltakarar til å lykkast.
- Identifisere forretningsmoglegheiter og jobbe proaktivt for å etablere samarbeid med relevante aktørar, investorar og næringsliv.
- Følge opp gründerar og prosjekt frå idé til gjennomføring, inkludert planlegging, søknadsskriving, ressursstyring, rapportering, og kommunisere dei gode historiane.
- Bygge nettverk og relasjonar med relevante partnerar, offentlege aktørar, næringsliv og utdanningsinstitusjonar.
- Være en viktig sparringspartnar som kan sjå moglegheiter, utfordringar og potensial hos oss og dei vi arbeider saman med.
Kven er du?
- Du har relevant høgare utdanning.
- Du har relevant erfaring innan eit felt som gjer at du er trygg i rollen som forretningsutviklar.
- Du er engasjert, løysingsorientert og har ei sterk drivkraft for å bidra til vekst og utvikling.
- Du har evne til å bygge tillit og relasjonar med mennesker på alle nivå.
- Du er god på å kommunisere, forklare komplekse saker på ein enkel måte og finne løysningar saman med andre.
- Du er strukturert, robust og i stand til å handtere fleire prosjekt og varierte oppgåver.
- Nysgjerrig og fleksibel til å utforske nye moglegheiter.
- Sjølvstendig og initiativrik – du trivs med å ta ansvar, lika å sjå resultat av ditt arbeid og kjem på eigne idear for selskapet.
Vi tilbyr
- Ei spennande fast stilling i eit lite selskap med store ambisjonar.
- Eit kompetent og engasjert arbeidsmiljø kor vi spelar kvarandre gode og arbeidar saman for morgondagens løysingar.
- Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.
- Moglegheiter til å bli kjend med dyktige gründerar og næringslivsleiarar, og være ein del av deira reise mot suksess.
- Konkurransedyktige vilkår og vilt god pensjonsordning.
Vi oppmodar deg til å søke sjølv om du er usikker på om rolla er for deg. Ring gjerne for ein uformell prat.
Om arbeidsgiveren
Aksello er eigd av: Siva, Equinor, Westcon, Fjord Base Holding AS, Flora Industri og Næringsforening, Norwell, Sogn og Fjordane Energi, Kinn Kommune, Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest.
Aksello skal vere den føretrekte partnar for forretningsutvikling, prosjektleiing, gründere, nettverk, kommunar og etablert næringsliv i region Fjordane. Aksello prioriterar alltid næringslivets behov først!
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Strandgata 52, 6905 Florø
- Bransje: Annet
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Prosjektledelse, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
forretningsutvikling, strategi, prosjektledelse, utvikling, omstilling
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 376696811
- Sist endret