Kunderådgjevar finansiering Vestland
Innovasjon Norge
- Frist 10.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Jobb med komplekse prosjekt innan skipsfart og industri
Har du erfaring frå bank, og har jobba med komplekse prosjekt der analysar og risikovurdering har stått sentralt?
Vår dyktige kollega har tatt fatt på nye og spanande moglegheiter internt, og vi ser no etter hans erstattar til ei sentral og avgjerande rolle for kundane våre som jobbar med skipsfart og industri.
Di primære oppgåve vil vere å analysere deira økonomiske behov, og ha det heilskaplege ansvaret for komplekse og til tider svært omfattande prosjekt, mellom anna i overføring av økonomiske midlar i samband med eigarskifte.
Arbeids- og fokusområde:
- Vurdere og behandle søknader om finansiell støtte frå Innovasjon Noreg.
- Innhente, koordinere og vidareformidle relevant informasjon til nødvendige ressursar internt og eksternt.
- Sikre smidige prosessar og gode rutinar.
- Følge opp kundar og rapportere på framdrift og resultat.
- Formidle Innovasjon Noreg sine tilbod og tenester til potensielle kundar.
Inn i rolla tar du med deg brei økonomisk kompetanse, gjerne frå finansiering, økonomisk rådgjeving, revisjon, rekneskap e.l. Du har solid bransjeerfaring, og har jobba med liknande komplekse finansieringsprosjekt.
Du har sterke analytiske ferdigheiter, og forstår raskt kjernen av komplekse saker og problemstillingar. Du er nysgjerrig og oppteken av å setje deg inn i kunden sitt marknad, for å kunne vere ein så god rådgjevar som mogleg.
Du trivst med stort ansvar, og står støtt i situasjonar der timinga for store avgjerder ligg hos deg. Kommunikasjon er ein av dine styrkar – du veit kva informasjon som er kritisk å ha i ulike delar av ein prosess, og evnar å formidle behov og risiko til viktige aktørar.
Til slutt: kvifor jobbe hos oss? Fordi rolla du går inn i vil vere utfordrande, spanande og eit viktig bidrag i Innovasjon Norges samfunnsoppdrag. Du vil bli del av eit engasjert og fagleg dyktig team, med eit stort nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Hos oss vil du bli satsa på, og du vil ha gode høve til fagleg utvikling, blant anna gjennom 40 timar kvart år som er satt av til kompetanseutvikling. I tillegg har vi ei av dei beste pensjons- og forsikringsordningane i Noreg.
Kontaktperson for stillinga er avdelingsleiar Eirik Brekke, tlf. 917 98 452.
Søknadsfrist: 10. november
Innovasjon Norge ønskjer medarbeidarar med forskjellige kompetansar, perspektiv, alder, kjønn og livserfaringar. Mangfald er viktig for både arbeidsmiljøet vårt og jobben vi skal gjere. Vi oppmodar spesielt personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en til å søkje. Kjenner du deg att i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i søknaden.
Innovasjon Norge vil kunne gjennomføre bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar for å verifisere dokument/opplysningar og vurdere tryggleiksrelaterte forhold. Aktuelle kandidatar vil motta ytterlegare informasjon om dette. Etter søknadsfristens utløp, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Opplysningar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har kome med ei grunngjeven oppmoding om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil vi varsle deg og du vil få moglegheit til å trekkje søknaden.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 30, 5008 Bergen
- Flere arbeidssteder: TROLLADALEN 30, 6856 Sogndal
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Maritim og offshore, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Prosjektledelse, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
finansiering, innovasjon, bank, agronom, landbruk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 376701918
- Sist endret