Industrimekanikar - avd. Maskin og rør
Ulstein Verft AS
- Frist 30.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Industrimekanikar - avd. Maskin og Rør
Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?
Ulstein Verft er inne i ei spennande fase med fleire signerte kontraktar på både nybygg og ettermarkedsoppdrag. Vi søker deg som har interesse for skipsbygging og skipsoppgradering, og som gjerne tek på deg ei utfordring. Arbeidsoppgåvene vil variere, og du vil bli ein del av eit dyktig fagmiljø.
Intervju vil bli gjennomført fortløpande.
Oppgåver du vil jobbe med
Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere:- Vedlikehald, reparasjonar og overhaling av maskinkomponentar
- Service og vedlikehaldsarbeid på propellar, thrusterar, kjølarar, pumper og liknande
- Montering av til dømes motorar, pumper, og propellar
- Installasjon av skipsmaskineri
Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare
Det er ønskeleg med relevant fagbrev, som t.d. industrimekanikar, sveisar eller platearbeidar.
Oppgåvene som skal løysast krev praktisk og teknisk forståing. Det er derfor nyttig med erfaring frå skipsbygging og maritim verksemd. Det vil også vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene saman.
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass?
Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon. Vi har gode produksjonsfasilitetar der arbeidet i all hovudsak føregår innandørs i vår utrustings- og dokkhall. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg samarbeidspartnar.
I hjartet av Sunnmøre
Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane er også berre ein times køyring frå Ulsteinvik.Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
- Sektor: Privat
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Industri og produksjon, Maritim og offshore, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Mekaniker, Produksjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Industrimekaniker, Industrirørlegger, Sveising, Produksjon, Verksindustri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 376868895
- Sist endret