Overlege
Helse Bergen
- Frist 01.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Overlege søkast til spennande fagmiljø på allmennpoliklinikk ved Bjørgvin DPS
Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldreven klinikk som gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy, samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med omtrent 80 000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2024 eit budsjett på 148 millionar kroner, og har ca 220 tilsette fordelt på vel 150 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan det polikliniske tilbodet går føre seg både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri. I tillegg er Helse Bergen sitt eBehandlingstilbod ein del av Bjørgvin DPS.
Vi søker etter ein engasjert overlege i psykiatri som ønsker å vere ein del av det gode og varierte behandlingstilbodet vi har ved vår allmennpsykiatriske poliklinikk på Tertnes. Poliklinikken ligg sentralt i Åsane, med kort veg til Bergen sentrum. Dette er ein stor og velfungerande poliklinikk som i tillegg til eit av dei lengstlevande DBT-teama i Noreg har to allmennteam, eit stort Angst- og depresjonsteam, 4-dagars behandling for panikkliding og sosial angst, Team i eksponerande traumeterapi, Team for spiseforstyrringar, ROP-team, Familieteam, Søvnteam og Akutt ambulant team. Vi har og ei spennande gruppeavdeling med ulike samtalegrupper i tillegg til uttrykksterapi, psykomotorisk fysioterapi, ernæringskonsulent og musikkterapi. Vi har og saman med Knarvik allmennpoliklinikk dei seinare åra bygd opp eit velfungerande MBT-Team.
Du vil bli ein del av eit stort og solid fagmiljø på Bjørgvin, som mellom anna inkluderer 12 andre overlegar, og meir enn 25 psykologspesialistar. Er du ein engasjert overlege som har lyst å jobbe i eit godt miljø, både fagleg og sosialt så vil vi gjerne høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Utgreing og behandling av tilviste pasientar innanfor eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar
- Deltaking i tverrfaglege behandlingsteam
- Det er mogleg å kombinere stillinga mellom dei ulike spesialteama i poliklinikken og å drive gruppeterapi
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Meistre norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Har evne til å arbeide sjølvstendig
- Har gode samarbeidsevner
- Fagleg engasjert og nysgjerrig
- Bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Er ein god teamarbeidar og trivast med tverrfagleg arbeid
Vi tilbyr
- Eit godt og engasjerande arbeidsmiljø med fagleg engasjerte, dyktige og kjekke kollegaer
- Fagleg oppdatering/utvikling for å sikre spisskompetanse innan ulike delar av allmennfeltet
- eit nytenkjande o gutviklande fagmiljø
- Lønn i henhald til gjeldande avtalar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Tertnesveien 37, 5113 Tertnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Overlege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
overlege, allmennpoliklinikk, Bjørgvin DPS, Tertnes, spennende stilling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 376953140
- Sist endret