Statsadvokat
Økokrim
- Frist 17.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Statsadvokat
Vil du vera med og styrkja Økokrim i arbeidet med å kjempa mot og redusera økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet?
Økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet i samfunnet aukar. Økokrim er den sentrale eininga for bekjemping av desse kriminalitetsområda. Det viktige samfunnsoppdraget vårt får aukande merksemd og prioritering, og vi er i sterk vekst. I arbeidet vårt legg vi stor vekt på ei tverrfagleg innretning, sterk fagforvaltning og bruk av beste tilgjengelege teknologi.
Om stillinga
Økokrims statsadvokatar er ein del av den høgare påtalemakta. Vi stiller derfor svært høge krav til fagleg dyktigheit, samarbeidsevne, integritet og utviklingsorientering. Økokrim er både eit særorgan i politiet og eit statsadvokatembete.
Som statsadvokat vil du inngå i juridisk avdeling og delta i tverrfaglege etterforskingsprosjekt med andre juristar og etterforskarar med politi-, økonomi-, miljø- og datafaglig bakgrunn.
Arbeidsoppgaver
- leie etterforsking av straffesaker
- påtaleavgjere og føre eigne straffesaker i retten i alle instansar
- videreutvikle Økokrims rolle som høyrings,- bistands- og rådgjevingsorgan
- bidra til å styrke og videreutvikle kompetansen innan økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet internt og eksternt
- drive undervisnings- og foredragsarbeid
- samarbeide med styresmakter i inn- og utland
- utføra andre relevante oppgåver
Kvalifikasjonar
Må-krav
- juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
- særs gode juridiske kunnskapar
- særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Ønskeleg
- normalt 8 års relevant yrkeserfaring
- erfaring frå straffesaksarbeid er ein fordel. Vi legg òg vekt på anna relevant arbeidserfaring og/eller annan relevant kompetanse
Søknader utan vitnemål vil ikkje bli behandla. Vi ønskjer òg relevante arbeidsattestar .
Personlige eigenskaper
- høg integritet
- evne til å arbeida effektivt, gjennomføra planar og oppnå resultat
- initiativrik og selvgående
- evne til å samhandla godt internt og ekstern
- evne til å bidra til kompetansedeling
Personleg egnethet vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- interessant arbeid med samfunnsrelevante økonomiske straffesaker
- samarbeid med politi og andre etatar i inn- og utland
- godt arbeidsmiljø med tverrfagleg samarbeid
- utviklande og spennande arbeidsoppgåver
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid
- trening i arbeidstida
- stillinga blir lønt som statsadvokat (stillingskode 0253), lønnstrinn 95-98, kr 1 244 200 -1 313 600
Om arbeidsgiveren
Økokrim førebyggjer, etterretter, etterforskar og fører saker for retten innanfor økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet over heile landet. Økokrim er lokalisert i Oslo og har i tillegg ei bedragerieining på Gjøvik. Les meir om oss på www.okokrim.no.
Økokrim følgjer personalpolitikken til staten om å styrkja likestilling, inkludering og mangfald. Den seier at dersom vi har kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, så skal vi kalla inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kryss derfor av om dette i rekrutteringsportalen. Sjå https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
For tilsetjing i politiet krevjast plettfri vandel og du må derfor innhenta uttømmande og utvida politiattest, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: C. J. Hambros plass 2C, 0165 Oslo
- Bransje: Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Advokat, Jurist
- Arbeidsspråk: Norsk, Norsk
Nøkkelord
påtale, etterforsking, økonomisk kriminalitet, miljøkriminalitet, undervisning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 377264209
- Sist endret