Seksjonsleder Seksjon for arrest og fremstilling
Vest politidistrikt
- Frist 10.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Seksjonsleiar ved Seksjon for arrest og framstilling
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste, er det ledig fast stilling som seksjonssjef (stillingskode 1211)ved Seksjon for arrest og framstilling.
Vi søkjer deg som er motivert, løysingsorientert og som har fokus på læring og utvikling av medarbeidarane.
Felles eining for operativ teneste er ei funksjonell driftseining i Vest politidistrikt. Eininga er organisert i Seksjon for operative tenester, Seksjon for arrest og framstilling, Seksjon for samfunnssikkerhet og beredskapskoordinering, Seksjon for operative spesialfunksjonar og Seksjon for felles tenestekontor. Dei tilsette ved eininga har både politifagleg og sivil bakgrunn. Eininga har det overordna faglege ansvaret for politiet sine operative gjeremål i heile distriktet.
Seksjon for arrest og framstilling er ansvarleg for pågrepne personar, m.a. visitere, signalere, forpleie, transportere, fremstille og føre tilsyn med dei personer som er brakt til arresten på døgnkontinuerleg praksis.
Seksjonsleiar vil vere ein del av leiargruppa til leiar for Felles eining for operativ teneste, saman med fire andre seksjonsleiarar og stabssjef som er nestkommanderande ved eininga. Seksjonen består idag av 23 tilsette; 10 leiande arrestforvararar, 11 arrestforvararar og ein fag- og opplæringsansvarleg.
Stillinga er stadsplassert i Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Personal-, resultat-, budsjett- og HMS-ansvar for seksjonen
- Leggje til rette for effektiv ressursutnytting, samarbeid og måloppnåing ved seksjonen spesielt og i organisasjonen generelt
- Medverke til at fagområdet inngår i politiet sitt strategiske arbeid og verksemdsplanleggjing
- Prioritere oppgåver i samsvar med overordna føringar og verksemdsplanar
- Følge opp strategiske beslutningar og iverksette/ beslutte endringar innan eiga fagområde
- Som leiar av seksjonen skal du utøve dagleg tryggleiksmessig leiing. Du skal rettleie og følgje opp dine tilsette slik at dei har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som tar hand om tryggleiken ved seksjonen.
- Bidra til god samhandling med andre interne og eksterne aktørar
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Utdanning innan organisasjon og leiing fortrinnsvis frå universitet eller høgskule
- Leiarerfaring blir vektlagd og kan i særskilde tilfelle kompensera for manglande leiarutdanning
- Relevant arbeidserfaring
- Kunnskap og erfaring med HMS
- God skriftleg og munnleg framstilling på norsk og engelsk
- God IT- og systemkompetanse
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Den som blir tilsett må kunna klarerast og autoriserast for HEMMELEG
Ønskeleg:
- God kjennskap til oppgåvene og utfordringane i politiet vert vektlagt
- God resultatoppnåing i tidlegare stillingar vert vektlagt
- Kjennskap til arrest- og framstillingsfaget er ein fordel
- Kunnskap om personal- og økonomistyring er ein fordel
- Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg regelverk er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Gode evner til å setje retning, drive endring og motivera sine medarbeidarar
- Evne til handla i eit strategisk og heilskapleg perspektiv, og bidra til god verksemdsutvikling
- Vere sjølvstendig og vedtaksfør med evne til å treffa avgjerder
- Vere mål- og resultatorientert
- Gode kommunikasjonsevner og vere ein god relasjonsbyggjar både internt og eksternt.
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her:
https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politien i framtida
- Stillinga blir lønna som seksjonssjef (stillingskode 1211) i lønnstrinn 82 / kroner 919.200 brutto pr. år. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovedtariffavtalene i staten.
- For tida tilkommer ATB-tillegg tilsvarande kr. 40.707 brutto per år
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no )
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Saksnr.24/233086
Om arbeidsgiveren
Vest politidistrikt
dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord,
Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag
1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren
har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
- Bransje: Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Politi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
seksjonsleder, arrest, arrest og fremstilling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 377311042
- Sist endret