Saksbehandlar
Kompetansesenter for distriktsutvikling
- Frist 25.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Har du lyst til å jobbe med bygdeutvikling gjennom butikkutvikling i distriktsnorge?
Om stillinga
Målet med Merkur-programmet er å sikre innbyggarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet. Programmet arbeider for at nærbutikkane skal få tilleggstenester som aukar omsetninga, sikrar vidare drift og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Merkur-programmet har både kompetanse og økonomiske ressursar som verkemiddel. Ein viktig del av Merkur-programmet er våre 10 Merkur-konsulentar som arbeidar ut mot alle dei 580 Merkur-butikkane i heile landet.
Les meir om Merkur-programmet www.merkur-programmet.no
Arbeidsoppgåver:
Merkur-programmet fikk ei solid påplussing i forslag til Statsbudsjettet for 2025 og vi vil styrke teamet som jobbar med tilskuddsforvaltning. Du får stor mulighet til å utvikle Merkur-programmet ved å
- sakshandsame søknadar om støtte og utbetalingsførespurnadar frå butikkane og frå Merkur-konsulentane
- samarbeide og gi råd og rettleiing til butikkane og Merkur-konsulentane
- følge opp tilsegn om støtte
- følge opp budsjett for Merkur-området
- bidra til at arbeidsmiljøet fortsatt skal være inkluderande og godt
Viktige punkt om deg
- Du har økonomi- og eller jusutdanning, gjerne på bachelornivå. Erfaring kan erstatte formell utdanning.
- Du er løysingsorientert, strukturert, omgjengeleg og lett å kommunisere med.
- Du har god vurderingsevne og evnar å sjå muligheitsrom.
- Du evnar å sette deg inn i og forstå Merkur-butikkane sin situasjon, samspelet mellom butikkar, konsulentar, distriktskommunar og Distriktssenteret.
- Du møter butikkar og konsulentar på ein trygg og kompetent måte.
- Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne og eit bevisst forhold til klarspråk og beherskar begge målformer.
- Du er vand med, og flink til, å bruke digitale verktøy, gjerne Excel og Power BI.
- Du er glad i å jobbe åleine og saman med andre.
Det er en fordel om du har erfaring med
- sakshandsaming og forvaltning av offentlege verkemiddel
- rådgjeving
- regionalforvaltning.no
Vi legg stor vekt på dine personlege egenskapar og at du føler deg heime i våre verdiar:
- Kompetent - Engasjert - Folkelig -
I Distriktssenteret får du:
- godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape resultat saman
- arbeidsoppgåver på eit felt prega av høy utviklingstakt og eit spanande samfunnsoppdrag
- varierte arbeidsoppgåver og hyppig bruk av moderne digitale verktøy
- mogelegheit for utvikling, fleksibel arbeidstid og familievenleg personalpolitikk
- mogelegheit for éin time trening i arbeidstiden per uke
- lønn etter kvalifikasjonar
- medlemskap i Statens pensjonskasse, som er ei av landets beste pensjonsordningar
Gjør deg mer kjent med oss på distriktssenteret.no
Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetting, hol i CV'en eller innvandrarbakgrunn, kaller vi inn minst ein søkjar i kvar gruppe til intervju.
Dersom du ynskjer å reservere deg frå å bli ført opp i offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjøl om du har bedt om å ikkje stå på søkjarlista. I så fall blir du varsla først.
Om arbeidsgiveren
Distriktssenteret er ei offentleg verksemd som jobbar for å styrke kommunar og regionar sin evne til å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn.
Bygdeutvikling gjennom butikkutvikling står sentralt i dette arbeidet med Merkur-programmet som eit viktig verktøy.
Vi er 27 tilsette fordelt på kontor i Sandnessjøen, Steinkjer og Sogndal.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6863 Leikanger
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Rådgivning, Saksbehandler
Nøkkelord
saksbehandle søknader, offentlig sektor, administrasjon, rådgivning, juridisk saksbehandling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 377791327
- Sist endret