Fagansvarlig for blodbank Odda
Helse Fonna HF
- Frist 24.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Bli vår nye fagansvarlige ved blodbanken
Er du klar for å ta over stafettpinnen og bli vår neste fagansvarleg i blodbanken?
Vår dyktige medarbeidar nærmar seg pensjonsalder, og vi ser no etter hennar etterfølgjar.
Som fagansvarleg i blodbanken vil du ha ei nøkkelrolle ved Odda sjukehus, som er ein del av Helse Fonna. Blodbanken er akkreditert etter ISO 15189 og samarbeider tett med avdelinga for immunologi og transfusjonsmedisin. Arbeidstida er todelt turnus, men vi kan tilpasse til ei dagstilling dersom det passar betre for deg.
Hos oss får du meir enn ein jobb – du blir ein del av eit samansveisa, fagleg sterkt og engasjert team som samarbeider på tvers av avdelingar. Odda sjukehus er kjent for sitt tette tverrfaglege miljø og gode arbeidsmiljø, der du får høve til å påverke eigen arbeidskvardag og bidra til utvikling innan ditt fagfelt.
Kvifor velje Odda og oss?
- Gode kollegaer: Vi er eit lag som støttar og løftar kvarandre.
- Flyttepakke: Vi hjelper deg med flyttekostnader (inntil 20.000,-) og dekker husleige dei første 6 månadene (inntil 60.000,-).
- Spektakulær natur: Odda byr på Trolltunga, brevandring, kajakkpadling, sykling, fruktgårdar og mykje meir. Perfekt for deg som elskar friluftsliv og naturopplevingar.
Ta kontakt!
Ta kontakt!
Vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat? Ta kontakt med oss i dag. Send gjerne søknaden din – kanskje er det akkurat deg vi ventar på!
Les meir om kva Odda har å by på:
hardangerfjord.com/ullensvang/opplevelser
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for tapping, produksjon og blodtypeserologi på Odda sjukehus
- Oppfølging av rutiner og prosedyrer for analysering, tapping, produksjon og utlevering ved Odda sjukehus.
- Kontaktperson Hemovigilans
- Ansvar for at hygienekontroll blir utført
- Ansvar for at mottakskontroll av celler blir utført
- Bestilling av varer innan fagområdet
- Delta i laboratoriets rutinedrift.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
- Det er ønskelig med minimum 5 års erfaring som bioingeniør innan transfusjonsmedisin
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er nøyaktig og kan jobba effektivt og systematisk
- har god gjennomføringsevne og er flink til å ta initiativ
- har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Gode lønnsvilkår
- Turnusordning med mulighet for friperioder
- Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Veiledning med å finne bustad
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bioingeniør, fagansvarlig, laboratorie, blodtapping, analysering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 377793645
- Sist endret