Prosjektingeniør
HMR Hydeq AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
PROSJEKTINGENIØR
HMR Hydeq opplever økt ordretilgang og søkjer etter fleire dyktige medarbeidarar til våre team innanfor spennande teknologisk kompetansemiljø.
FORMÅL MED STILLINGEN:
Som prosjektingeniør hos HMR Hydeq skal du leia og koordinera tekniske prosjekter innan mekaniske system for kundar, og sikra at desse blir gjennomført i tråd med spesifikasjonar, tidsplanar og budsjett. Våre oppdrag er svært varierte, og du vil som prosjektingeniør møta spennande utfordringar innanfor mange fagfelt.
ØNSKA KVALIFIKASJONAR
- Teknisk fagskule eller høgare utdanning innan mekaniske system, relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Open for både nyutdanna og kandidatar med erfaring.
- Erfaring med bruk av Inventor eller liknande 3D-verktøy er ein fordel.
- Gode IT-ferdigheitar.
PERSONLEGE EIGENSKAPAR
- Ambisiøs, engasjert, lærevillig og ansvarsfull
- Positiv, løysingsorientert og samarbeidsvillig
- Gode språkferdigheiter på norsk og engelsk
ARBEIDSOPPGÅVER
- Planlegge, koordinere og følge opp prosjekter fra førespurnad til ferdigstillelse.
- Utarbeida tilbod med priskalkylar, ofte basert på kunden sine teikningar eller spesifikasjonar, og følge opp tilbod til avgjersle.
- Utvikle prosjektdokumentasjon inkludert tekniske teikningar, spesifikasjonar og berekningar.
- Hovudkontakt mot kunden gjennom heile prosjektets levetid, sikra god kommunikasjon og oppfølging av kunden sine krav og behov.
- Oppfølging av prosjektets framdrift, dokumentasjon, og rapportering til interne og eksterne interessentar.
- Koordinera aktivitetar og nødvendige ressursar i prosjektet.
- Utføra tekniske inspeksjonar og kontrollar på anlegg og utstyr.
- Sørge for at alle aktivitetar overheld gjeldande HMS-standard og lovkrav.
ME TILBYR
- Eit godt arbeidsmiljø med utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Konkurransedyktige vilkår
ANDRE OPPLYSNINGAR
- Arbeidsstad er i Øvre Årdal. Noko reiseverksemd må ein rekne med.
Om arbeidsgiveren
HMR Hydeq er en del av HMR Gruppen, og har utvikla og produsert spesialkøyretøy og utstyr for effektiv og sikker metallproduksjon sidan 1970 talet. Dette er gjort i nært samarbeid med selskapets kundar. Selskapet sysselsetter pr dato 80 personar. Vi oppfordrar kvinner til å søke denne stillinga.
Selskapet er lokalisert nær Hydro Aluminium sitt anlegg i Øvre Årdal i Vestland fylke. Nærleiken til Hydro Aluminium sitt elektrolyse, støyperi og teknologiutviklingsmiljø - setter HMR Hydeq sine utviklings- og produksjonsavdelingar i en særstilling for å forstå kunden og bransjens behov og til å utvikle nye, effektive køyretøy, maskiner og utstyr i takt med utviklinga av produksjonsprosessar og metodar hos våre kundar. Dette tette samarbeidet er en styrke og en fordel både for HMR Hydeq som leverandør, men også for våre kundar nasjonalt og internasjonalt.
HMR Hydeq sin største kundar har satt seg ambisiøse bærekraftsmål og har aukande etterspørsel etter grønnere produkter med lavere karbonavtrykk. Våre kundar er avhengig av at HMR Hydeq som leverandør aktivt bidrar til deira bærekraftambisjonar. HMR Hydeq skal vere i forkant med utvikling av nye berekraftige produkt i tråd med våre kundars visjonar og ambisjonar, og våre produkt skal bidra til bruk av ressursar som har minimal påverknad på miljøet, og produkta skal være innovative og inneha gode tekniske løysningar.
- Sektor: Privat
- Sted: Øyni, 6884 Øvre Årdal
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted, Industri og produksjon, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Industri, Mekanisk, Prosjektledelse
Nøkkelord
prosjektleder, aluminium, kjøretøy, produksjon, maskinbygger
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378096367
- Sist endret