Er du sjukepleiar og har et bankande hjerte for eldreomsorgen?
Time kommune
- Frist 01.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du sjukepleiar og har eit bankande hjerte for eldreomsorgen?
Er du sjukepleiar og vil jobbe i ein stor sjukeheimsavdeling?
Bryneheimen er ein stor sjukeheimsinstitusjon med 58 plasser fordelt på to etasjar. I andre etasje er det 32 plasser, fire av desse er dobbeltrom (ektepar-rom). Me har fagsjukepleiar, kreftsjukepleiar og sårsjukepleiar som bidrar aktivt med kompetanseheving. I tillegg samarbeidar me aktivt med lege, klinisk ernæringsfysiolog og fagutviklar som sikrer kvalitet i tjenesta me leverer.
Me søkjer deg som har lyst til å stå på for å gjere ein forskjell. Me søkjer deg som kan bidra til ein teneste som er i stadig endring.
Her i 2 etasje har me eit dyktig og engasjert personale som trives godt på jobb. Visjonen i Time kommune “Me skal gjera kvarandre gode”, ligger til grunne i alt me gjer.
Våre medarbeidarar er fagleg dyktige, løysningsorienterte og romslege.
Arbeidsplassen har stor takhøgde, fleksibilitet og tempo- så her gjeld det å henga med i svingane. Me vektlegg i stor grad arbeidsmiljø og kompetanseutvikling, det skal væra gøy og koma på jobb.
Me har ein egen fadderordning, som skal sikra god og nødvendig opplæring hos oss, tett følgt opp av fagsjukepleiar, fagutviklar og avdelingsleiar.
Du vil gå turnus med arbeid kvar 3 eller 4 helg- me har årsturnus i avdeling og vil kunne legge til rette for en turnus du kan bli godt fornøgd med.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for sjukepleiarfaglege oppgaver- Kartlegge sjukepleiebehov, iverksette og evaluere tiltak
- Utføre sjukepleieoppgaver i samråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
- Sørge for at pasientane opplever tryggleik, blir verdsatt og behandlet med respekt
- Sikre god kontakt med og oppfølging av pårørande
- Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnere
- Bruk av fagsystemet Profil, og sikre dokumentasjon
Kvalifikasjonar
- Relevant vidareutdanning, eller ønske om relevant vidareutdanning.- Du må være interessert i geriatri
- Du interesserar deg for fagutvikling og kvalitet i tjenesten
- Du har IKT-kunnskaper, og kjennskap til vårt fagsystem Profil er en fordel.
- Du behersker norsk skriftleg og muntleg, og har god kommunikasjonsevne. Krav om bestått norskprøve B2, skriftleg og muntleg.
Politiattest må framlegges ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du er åpen, reflekterande og tar initiativ.- Du er engasjert, løysningsorientert og fleksibel.
- Du takler tidvis hektiske dager.
- Du er nytenkande og åpen for veiledning.
- Du kan jobba sjølvstendig og i team.
- Evne å utføra/delegera arbeidsoppgaver etter ein prioritert rekkefølge.
- Du bidrar kontinuerleg til eit godt arbeidsmiljø.
- Personleg egnethet vil vektleggjas.
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Årsturnus
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hognestadvegen 41, 4340 Bryne
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378096978
- Sist endret