Veileder
NAV
- Frist 13.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Har du eit engasjement for menneske og solid rettleiingskompetanse?
Har du eit engasjement for menneske, solid rettleiingskompetanse og blir motivert av å sjå andre menneske vekse og lukkast? Vil du gjera ein forskjell for menneske som treng oppfølging for å behalda eller komma i jobb? Blir du motivert av å hjelpa menneske forstå og sjå moglegheitene sine i arbeidslivet, og er du god på å følgja opp menneske som står i ei vanskelig livssituasjon? Då kan du vere den me er på utkikk etter!
Nav Vindafjord-Etne har ledig ein fast stilling som veileder for menneske under arbeidsavklaring. I stillinga vil ein jobba aktivt med inkludering og rettleiing av arbeidssøkjarar med nedsett arbeidsevne. Dine oppgåver vil blant anna inkludera å kartleggje den einskilde sine ressursar og moglegheiter, gje råd, rettleiing og motivere til arbeid og aktivitet. Stillinga har arbeidsplass ved NAV Vindafjord-Etne, men det må påreknast noko reiseverksemd i regionen ettersom me samarbeider med lokale bedrifter, tiltaksarrangørar, Arbeidslivssenteret og NAV Marked.
Nav Vindafjord-Etne er eit kontor med rundt 30 tilsette som har høg kompetanse og eit stort engasjement for NAV sitt samfunnsoppdrag. Me held til på Rådhuset i Ølen og har mottak i lag med servicetorget i kommunen. Dersom du ønskjer eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og meiningsfulle oppgåver, håpar me at du søkjer hos oss!
Arbeidsoppgaver
- Kartlegga og avklara arbeidssøkjarar sine ressursar og moglegheiter, samt rettleie og motivera for arbeid eller aktivitet.
- Bistå våre arbeidssøkjarar til å sjå moglegheiter i dagens arbeidsmarknad ved å veileda, informera og saksbehandla etter gjeldande regelverk, særleg Folketrygdlova.
- Samarbeida tett med lokalt næringsliv og andre samarbeidspartnerar, med mål om å hjelpa arbeidssøkjar ut i ordinært arbeid.
- Rettleia og lære andre i å nytta seg av NAV sine digitale tenester og digital informasjon.
- Samarbeida tett med kollegaer på kontoret og frå andre avdelingar i Nav, som NAV marknadsavdeling, Arbeidslivssenteret og andre samarbeidspartnarar i kommunane.
- Bidra aktivt i utviklinga av NAV sine tenester.
Ettersom NAV er i stadig endring og utvikling, kan andre oppgåver tilfalla stillinga.
Kvalifikasjoner
Du må ha:
- Fullført utdanning tilsvarande bachelorgrad, fortrinnsvis innan samfunnsfag, helse, sosialfag eller pedagogikk. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensera for utdanningskravet.
- God digital kompetanse (erfaring med Microsoft Office 365).
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne og gode norskkunnskapar. Ved anna morsmål enn norsk må det dokumenterast språknivå tilsvarande C1.
- Førarkort klasse B
Me ønsker også at du har:
- Erfaring frå tverrfagleg arbeid.
- Erfaring med veiledning og motiveringsarbeid mot arbeid og/eller utdanning.
- Erfaring med kartleggingsarbeid.
- Kunnskap om bruk av relevant regelverk, gjerne frå Nav, arbeidsmarkedsbedrift eller annen offentleg organisasjon.
Personlege eigenskapar:
For denne stillinga er særleg desse personlege eigenskapane viktige:
- Resultatorientert: Du tilpassar åtferda di raskt og effektivt for å nå mål, overvinna motgang eller løyse ei utfordring.
- Nettverksbyggende og samarbeider godt med andre: Du tilnærmar deg andre for å utvikle nye relasjonar eller styrkje eksisterande. Du deler informasjon og ekspertise for å oppnå teamresultat.
- Motstandsdyktig: Du håndterer dei daglige utfordringane i arbeidet på ein tilpasningsdyktig og trygg måte.
- Initiativrik: Du set i gang arbeid og er handlingsorientert, samtidig som du tek sjølvstendige avgjerder.
- Problemløysar: Du finn løysningar, tek raskt til deg ny kunnskap, og er i stand til å bruke eksisterande kunnskap på nye måtar.
Personlege eigenskaper vil vektleggjast sterkt. Det vil bli nytta ein DNV-GL-sertifisert MAP-personlegdomstest i rekrutteringa.
Me tilbyr:
- Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver med moglegheit til å hjelpa enkeltmenneske.
- Jobb i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag.
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer.
- Fleksibel arbeidstid.
- Gode parkeringsmoglegheiter.
- Gode låne-, pensjons- og forsikringsordninger gjennom Statens Pensjonskasse.
- Ansettelse i Stillingskode 1434 Rådgiver i Statens lønnstrinn 56-62, med årslønn for tiden 548 600 - 604.900kr.
Les meir om Nav som arbeidsgivar på www.nav.no
Om arbeidsgiveren
Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrifter via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
- Bransje: Helse og omsorg, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler, Veileder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Nav, veileder, saksbehandler, offentlig, rådgiver
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378116861
- Sist endret