Seniorrådgivar strategisk HR
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
- Frist 13.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Seniorrådgivar strategisk HR
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) søkjer etter ein seniorrådgivar med kompetanse innanfor strategisk HR. Som del av HR-avdelinga skal du rettleie leiarar og tilsette, slik at vi saman kan levere på samfunnsoppdraget til DSB. Vi ser etter deg som har god relasjons- og organisasjonsforståing, solid digital kompetanse og gode kommunikasjonsevner.
Du skal
- hjelpe leiarar gjennom heile rekrutteringsprosessen
- kvalitetssikre at lover, reglar og rutinar for rekruttering i staten blir følgde
- samarbeide på tvers, og bidra til fagutvikling og kontinuerleg forbetring
- assistere i arbeidet med psykososial oppfølging og stressmeistring
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant mastergrad. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
- lang og relevant erfaring frå rekruttering i offentleg verksemd
- relevant erfaring frå rettleiing av leiarar
- erfaring med å jobbe med problemstillingar knytt til psykososial oppfølging og stressmeistring
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- god digital kompetanse
- følgjande personlege eigenskapar:
- strukturert og analytisk - du set deg raskt inn i problemstillingar og gjer reflekterte, heilskaplege vurderingar
- relasjonsbyggjar - du støttar andre og skaper godt samarbeid
- gjennomføringsevne - du set ting i gang og jobbar planmessig og effektivt for å levere i tråd med planen
- sjølvstendig - du er sjølvgåande og tek ansvar for eigne avgjerder og resultat
Vi ønskjer at du har:
- erfaring med coaching
- kunnskap om bruk av kunstig intelligens (KI) i rekruttering
Vilkår
Fast stilling som seniorrådgivar (stillingskode 1364) med årsløn frå kr 720 100 til kr 821 109 (lønstrinn 72-78)
Om avdelinga og stillinga
DSB er ein kompleks organisasjon som omfattar mange ulike fagområde og eit breitt spekter av profesjonar og kompetanseområde. Avdelinga for HR har ein sentral funksjon som støtte for heile verksemda. Avdelinga har ansvar for fagområda rekruttering, kompetanseutvikling, leiarutvikling, personalforvalting, løn og organisasjonsutvikling, medråderett og HMS. Avdelinga for HR har 13 medarbeidarar med brei kompetanse innanfor HR-faget.
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 700 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik.
Hos oss får du
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/
- fleksibel arbeidstid
- bedriftshelseteneste
- høve til å trene i arbeidstida
- tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. DSB vil vurdere å gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
Avdelingsdirektør HR Kirsten Agerup : e-post kirsten.agerup@dsb.no, telefon 33 37 33 14
Du finn meir informasjon om DSB på www.dsb.no og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på www.dsb.no/jobb. Velkomen som søkjar hos oss!
Om arbeidsgiveren
For meir informasjon om DSB, sjå www.dsb.no
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rambergveien 9, 3115 Tønsberg
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering
Nøkkelord
rekruttering, lederutvikling, strategisk HR
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378143638
- Sist endret