Kommunikasjonsrådgjevar
KORO
- Frist 15.11.2024
- Ansettelsesform Vikariat
- Årslønn 600 000 - 700 000 kr
Ledig stilling som kommunikasjonsrådgjevar
KORO har ledig eit vikariat/engasjement som kommunikasjonsrådgjevar for ein periode på eitt år, helst frå januar 2025.
Vi søker ein kunnskapsrik og kreativ kommunikasjonsrådgjevar som kan styrka formidlinga av kunst i offentlege rom til ei stor og variert målgruppe; det allmenne publikum, mottakarinstitusjonar, kunstfeltet, samarbeidspartnarar, presse og media.
Seksjon for formidling og kommunikasjon i KORO er ei lita og entusiastisk eining med fire tilsette som, i samarbeid med gode kollegaer i resten av KORO, skal auke interessa, kunnskapen og engasjementet for kunst i offentlege rom. Kunstproduksjonane i KORO er organisert i sjølvstendige prosjekt, og den som vert tilsett vert og ein del av utvalde prosjektgrupper. Stillinga rapporterer til leiar for seksjon for formidling og kommunikasjon.
KORO har for tida ei rekke større oppdrag, mellom anna kunst til det nye regjeringskvartalet i Oslo. Omlag halvparten av arbeidet til stillinga vil være knytt til dette prosjektet.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre kommunikasjons- og formidlingstiltak knytt til kunstprosjekt i arbeid og for kunst som inngår i samlinga til KORO
- Produsere tekstar og innhald til nettsider, nyhendebrev og sosiale media
- Redigere og oppdatere nettsider
- Pressemeldingar, pressebilete og mediekontakt
- Delta aktivt i det interne tverrfaglege og prosjektorienterte arbeidet i KORO
- Arkivering og dokumentasjon
Kvalifikasjonar
- God penn og auge for formidling av visuell kunst
- Kunstfagleg kompetanse og/eller solid kjennskap til kunstfeltet
- Gode formuleringsevner på norsk (vi bruker begge målformer) og engelsk
- Erfaring med digital kommunikasjon og formidling i ulike kanalar og plattformer (kjennskap til Indesign og WordPress er ein fordel)
- Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå, til dømes innan kommunikasjon, journalistikk, formidling, og/eller kunst- og kulturfag
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert
- Gode kommunikasjons-, samarbeids- og gjennomføringsevner
- Effektiv og engasjert
Vi tilbyr
- Interessante arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
- Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
Om arbeidsgiveren
KORO arbeider med produksjon, formidling, forvalting og utvikling av kunnskap innanfor kunst i offentlege rom. Vi har som mål at samtidskunst av høg kvalitet skal vere tilgjengeleg for eit breitt publikum over heile landet. KORO er staten sitt fagorgan for kunst i offentlege rom og er ei eining under Kulturdepartementet. Vi har 27 medarbeidarar og kontor sentralt i Oslo. Verksemda til KORO er i stor grad organisert i tverrfaglege prosjektgrupper.
KORO vil ha ein arbeidsplass som speglar mangfaldet i samfunnet. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi legg til rette for arbeidstakarar, til dømes ved å tilby tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Victoria terrasse 11, 0251 Oslo
- Bransje: Kunst og kultur, Offentlig administrasjon, PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Konsulent, PR og informasjon, Tekstforfatter
Nøkkelord
Formidling, kommunikasjon, samtidskunst, journalistikk, innholdsproduksjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378162757
- Sist endret