HMS-Koordinator
Lingalaks AS
- Frist 24.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Har du erfaring med HMS-arbeid og brenn for eit trygt arbeidsmiljø?
Me søkjer ein HMS-koordinator som kjenner seg igjen i våre verdiar Ærleg, Kvalitet og Framtidsretta, og som vil bidra til ein sterk sikkerheitskultur og ein helsefremmande arbeidskvardag for våre tilsette. Me ser etter deg som ynskjer å jobbe systematisk med drift og utvikling av leiingssystem for HMS, og som trivst godt med både operasjonelt og administrativt arbeid.
Stillinga rapporterer til leiar for kvalitet og HMS.
Sentrale arbeidsoppgåver
HMS-koordinator i Lingalaks AS skal:
- Vere en pådrivar for systematisk forbetringsarbeid innan HMS i selskapet
- Gje opplæring i HMS-rutinar og følgje opp bruk av verneutstyr
- Sjå til at arbeidsinstruksar sikrar helsefremmande og forsvarlege forhold i utføring av rutinearbeid og risikofylte operasjonar
- Sikre gode fysiske og psykososiale forhold på arbeidsplassen
- Bidra i risikovurderingar, sikker jobb analyse, vernerundar og HMS-revisjonar
- Vedlikehalde bruk av kjemikalieregisteret (EcoOnline)
- Vere ein synleg rollemodell for HMS, og motivere personell til å bidra i det forebyggande HMS-arbeidet
Ønskelege kvalifikasjonar
- Ønskeleg med dokumentert kompetanse innan HMS
- Relevant erfaring frå havbruksnæringa eller anna operasjonelt HMS-arbeid
- Kjennskap til regelverk for havbruksnæringa og HMS-lovgivinga
- Førarkort klasse B, stillinga vil krevje noko reiseaktivitet mellom lokalitetar
Personlege eigenskapar
- Er initiativrik og opptatt av at selskapet når sine strategiske mål
- Er sjølvstendig og strukturert, og har eit gjennomgåande fokus på forbetringsarbeid
- Vere ein imøtekommande og inkluderande relasjonsbyggjar
- Har gode samarbeidsevner og er oppteken av å gjera andre og fellesskapet gode
- Har gode kommunikasjonsferdigheiter
- Flytande skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Lingalaks tilbyr:
- Konkurransedyktige vilkår
- Kollektiv forsikrings- og pensjonsordning
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver i ei framtidsretta bedrift i rask utvikling
- Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
Om arbeidsgiveren
Lingalaks har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger, Nord- og Sunnhordland og Karmøy, der me speler på lag med naturen. Me forsyner verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikrar at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss, og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 16 ulike lokalitetar med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.
Våre 60 dyktige tilsette har målretta fokus på berekraftig produksjon av kvalitetslaks. Lingalaks skal vera ei "Ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon".
- Sektor: Privat
- Sted: Grovabrotet 8, 5600 Norheimsund
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, Industri og produksjon, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: HMS, Koordinering, Kvalitetssikring
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
hms, kvalitetssikring, rapportering, opplæring, havbruk
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378362149
- Sist endret