Driftsansvarleg/vaktmester
Baroniet Rosendal
- Frist 2.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Spanande og allsidig stilling i nydelege Rosendal
Arbeidsoppgåver
- Utføra dagleg tilsyn samt planlegging og koordinering av drift og vedlikehald av bygningane og omkringliggjande uteområde.
- Kontroll, vedlikehald og drift av tekniske anlegg i bygningane
- Ansvar for og oppfølging av serviceavtalar, årskontrollar og eksterne leverandørar.
- Brannvernleiarfunksjon, inkl. sikringsplanar og alarmanlegg.
- Ansvar for utrykking til alarmar i høve gjeldande beredskapsordning.
- Oppfølging av brukarar og leigetakarar samt ulike prosjekt ved Baroniet.
- Bidra i utvikling av virksomhetas avtalar, planar og budsjett
Kvalifikasjonskrav
Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Fagbrev innan relevant handverksfag eller byggdrift. Relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
- Førarkort minimum klasse B, gjerne òg E for tilhengar til bil.
- Stor arbeidskapasitet, fleksibilitet og godt humør.
- Gode IT-kunnskapar og interesse for bruk av IKT baserte system og infrastruktur
- Evne til å planleggje og tilretteleggje både eigen og andre sin arbeidskvardag.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidseigenskapar.
- Serviceinnstilt, løysingsorientert og kvalitetsmedviten.
- Bustad lokalt som mogleggjer hurtig respons på utrykningar.
Er du ein positiv og engasjert person som har godt overblikk i jobben din og evne til å handtera mange ulike oppgåver samstundes? Likar du at ingen dagar er like og at du får stor variasjon i arbeidsoppgåver? Då kan dette vera noko for deg!
Vi vil leggje vekt på dokumentert erfaring, faglege kvalifikasjonar og personleg eignaheit.
Baroniet Rosendal er kun ope for publikum frå mai – oktober. Det er i denne perioden viktig at ein kan vera så mykje som mogleg tilgjengeleg.
Vi tilbyr
Stillinga er ei 100 % fast stilling.
- Ei spennande stilling med unike faglege utfordringar.
- Regulerte arbeidsforhold og god pensjonsordning.
- Medlemskap i KLP og gode forsikringsordningar
- Løn etter avtale
- Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø i ein spennande bransje.
- Fleksitidsordning.
Tilsetjing så snart som mogleg, etter nærare avtale.
Om arbeidsgiveren
Baroniet Rosendal er eit unikt nasjonalt kulturminne som ligg i naturskjønne Rosendal i Kvinnherad kommune. Baroniet Rosendal består av slott og 19 andre freda bygningar, konsertsal, overnattingsverksemd og kafédrift, 350 mål freda hage- og jordbrukslandskap, sauehold og 12.000 mål skog og utmark.
I tillegg til kulturminneforvaltning og museumsverksemd driv Baroniet Rosendal utstrekt kulturformidling og samarbeider med nokon av Noregs mest anerkjente artistar, musikarar, kunstnarar og kulturpersonar. Baroniet har 15 faste tilsette, ca. 60 sesongarbeidarar og omset for 35 millionar kroner per år og har rundt 60.000 besøkande årleg.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Baronivegen 60, 5470 Rosendal
- Bransje: Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester
Nøkkelord
drift og vedlikehold av bygninger anlegg og tekniske installasjoner
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378369375
- Sist endret