Rådgjevar/seniorrådgjevar
NAV
- Frist 29.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Nav bilsenter Vest-Norge er lokalisert ved Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen, som er eit ressurs- og kompetansesenter på andrelinjenivå. Vi held til på Kokstad i Bergen og er ca. 120 tilsette. Hjelpemiddelsentralen har eit overordna ansvar for forvaltning og formidling av tekniske hjelpemiddel for personar med funksjonsnedsetting, rådgjeving innan hjelpemiddel og tilrettelegging på arbeidsplassen, og tolketenester for døve og døvblinde.
Nav bilsenter Vest-Norge har ledig ei 100 % fast stilling som saksbehandlar. Stillinga er plassert i lønnskode 1434/1364 med lønn frå kr. 584.500,- til kr 615.700,-.
Vi søkjer ein effektiv, serviceinnstilt og løysningsdyktig medarbeidar.
Arbeidsoppgåver
Oppgåver vil mellom anna vere:
- behandling av søknader om stønad til motorkøyretøy etter folketrygdlova kapittel 10
- oppfølging og førebuing av stønadssaker og vedtak, handtering av gjeldsdokument og gjeldsoppgjer, klagebehandling med meir
Nav og hjelpemiddelområdet er i stadig endring. Arbeidsoppgåver og ansvarsområde kan bli endra.
Kvalifikasjoner
- Du må ha relevant bachelor- eller mastergrad innan til dømes jus, økonomi eller samfunnsfag
- kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg med kollegaer og samarbeidspartnarar
Vi ynskjer at du har
- erfaring frå rettleiing, sidan arbeidet omfattar mykje brukarkontakt
- erfaring frå offentleg saksbehandling
Personlige egenskaper
Du må
- identifisere deg med NAV sin visjon og verdiar
- vere fleksibel og omstillingsdyktig
- ynskje å bidra til vidareutviklinga av fagområde og tenester
- kunne jobbe målretta og sjølvstendig
- ha stor arbeidskapasitet
- ha interesse for å jobbe med ulike digitale flater og kommunikasjonskanalar
Ved tilsetting legg vi stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- spennande, utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
- eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø
- tverrfagleg team med høg kompetanse
- fleksibel arbeidstid
- god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå lønna vert det trekt 2 %)
Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Øivind Vabø, på e-post til oivind.vabo at nav.no eller telefonnr. 93 01 52 92
Om arbeidsgiveren
Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrifter via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kokstaddalen 35, 5257 Kokstad
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378378168
- Sist endret