Avdelingsleiar
NAV
- Frist 22.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen, er eit ressurs- og kompetansesenter på andrelinjenivå, med ca. 120 tilsette. Vi held til på Kokstad i Bergen. Hjelpemiddelsentralen har eit overordna ansvar for forvaltning og formidling av tekniske hjelpemiddel for personar med funksjonsnedsetting, rådgjeving innan hjelpemiddel og tilrettelegging på arbeidsplassen, og tolketenester for døve og døvblinde.
Nav hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen har ledig ei 100 % fast stilling som avdelingsleiar (stillingskode 1407) på avdeling Tolk (Nav tolketjenesten i Vestland).
Tolketenesta på hjelpemiddelsentralen har ansvar for tolking for høyrselshemma, døve og døvblinde i heile Vestland fylke.
Vi søkjer ein tydeleg, ærleg og framtidsrette leiar. Leiaren rapporterer til seksjonssjefen for avdeling Tolk. Avdelingsleiaren og seksjonssjefen deler personalansvaret for dei tilsette på avdelinga, og begge er med i leiargruppa på hjelpemiddelsentralen.
Arbeidsoppgaver
Som avdelingsleiar skal du:
- vere med å leie og utvikle tolkeavdelinga
- ha personalansvar
- følgje opp strategiarbeid både lokalt og sentral
- vere ein pådrivar i utviklingsarbeid
- koordinere intern og ekstern samhandling
- legge til rette for utvikling av fagkompetanse i tråd med nasjonale føringar
Hjelpemiddelområdet i Nav er i utvikling. Vi tek difor atterhald om endringar i arbeidsoppgåvene.
Kvalifikasjoner
Du må ha
- høgare utdanning innan organisasjon og leiing, økonomi eller andre samfunnsvitskaplege fag
- dokumentert leiarerfaring med personalansvar
- god kommunikasjonsforståing
Lang leiarerfaring kan kompensere for manglande utdanning.
Vi ynskjer at du har
- erfaring frå offentleg verksemd
- erfaring i å skape gode resultat og entusiasme i ei avdeling eller ein organisasjon
- erfaring i gjennomføring av endrings- og utviklingsprosessar
- kjennskap til fagområdet tolking for høyrselshemma, døve og døvblinde
Personlige egenskaper
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og ynskjer ein leiar som er tydeleg og kan skape gode relasjonar både internt og eksternt.
Som avdelingsleiar må du:
- kunne identifisere deg med Nav sin visjon og Nav sine verdiar
- meistre stort arbeidspress og vere strukturert og resultatfokusert
- kunne jobbe kunnskapsbasert
- ha evne til å skape engasjement
- ha evne til å hente fram det beste i dei tilsette
Vi tilbyr
spennande, utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
- eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø
- fleksibel arbeidstid
- kollegaer med høg kompetanse
- lønn kr. 708 000 – 732 300 (høgare lønn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar)
- god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå lønna blir det trekt 2 %)
Om arbeidsgiveren
Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrifter via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kokstaddalen 35, 5257 Kokstad
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378381966
- Sist endret