Fengselsførstebetjent
Åna fengsel
- Frist 18.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Fengselsførstebetjent
Om stillinga
Åna fengsel har ledig fast, 100 % stilling som fengselsførstebetjent i fellestenesta.
Fengselsførstebetjenten har ansvar for og oppfølging av ansatte med turnus i mottagelsen og sentralen.
Arbeidstida er dagtid med fleksitidsordning.
Ein fengselsførstebetjent med personalansvar, skal ha evne til å leie ei avdeling, sørge for utvikling, gode rutinar, følgje opp og kvalitetssikre arbeidet.
Arbeidsoppgåver
• Personalansvar for fengselsbetjentar i fellestenesta
• Innkalling av domssonarar og plassbestilling av varetekt
• Sakshandsaming av søknader om soningsjustering.
• Klarering av eksterne arbeidarar og besøkande til fengselet
• Sakshandsaming av søknader om utsetting av soning
• Saman med inspektør planleggje og organisere arbeidet i fellestenesta
• Saman med inspektør sørge for utvikling, gode rutinar og følgje opp og kvalitetssikre arbeidet i fellestenesta
• Samarbeid med andre etatar
Det er utarbeid eige stillingsbeskriving for stillinga.
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i arbeids- og ansvarsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
- relevant erfaring
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- gode leiareigenskapar med evne til å motivere og inspirere
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å arbeide analytisk og strukturert
- god rolle- og systemforståing, og evne til å tenkje heilskapleg
- resultatorientert
- god evne til å takle stress
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- Gratis parkering.
- Tilgang til el-billadar.
- Stillinga er løna som fengselsførstebetjent lønnstrinn 62 til 67, som utgjer kr 604 900 til kr 657 300.- pr år. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til inspektør Espen Lunne på telefon 51799105
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om arbeidsgiveren
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Region sørvest omfattar fengsel og friomsorgskontor i Rogaland og Agder. Regionadministrasjonen ligg i Sandnes.
Åna fengsel har rundt 170 tilsette, med til saman 164 plassar for mannlege innsette, fordelt på 140 plassar med høgt tryggleiksnivå og 24 plassar med lågare tryggleiksnivå.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Åna, 4365 Nærbø
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Annet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378900764
- Sist endret