Prosjektøkonom
Vestlandsforsking
- Frist 18.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Prosjektøkonom
Har du lyst til å vere med å utvikle Vestlandsforsking vidare? Vi har ledig ei fast stilling innan prosjektadministrasjon og økonomi. Den som vert tilsett, vil få ei sentral rolle på instituttet, og eit nært samarbeid med leiinga.
Vi søkjer ein medarbeidar som vil arbeide med å utvikle gode system og rutinar for forskingsarbeidet ved instituttet. Ei viktig oppgåve vil vere kompetanseutvikling og støtte til forskarane i søknadsarbeid, økonomistyring i prosjekt, kontraktsarbeid og rapportering. Dette er særleg viktig i større prosjekt, som EU-finansierte forskingsprosjekt.
I tillegg vil du vere ei støtte til direktøren i arbeidet med å utvikle Vestlandsforsking.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som har:
- Master- eller bachelorgrad, helst innan økonomi. Gjerne med prosjektstyring og juss i fagkrinsen.
- Solid økonomiforståing og erfaring frå økonomiarbeid
- Erfaring med prosjektarbeid
- Gode IKT-kunnskapar og erfaring med rapporterings- og analyseverktøy
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Eigenskapar som vert vektlagt er:
- Du tek ansvar og jobbar sjølvstendig
- Du jobbar strukturert, er oppteken av kvalitet, og gjennomføring
- Du kommuniserer og samarbeider godt
Om arbeidsgiveren
Vestlandsforsking i Sogndal utfører forsking og utvikling for næringsliv og offentleg sektor. Vi er 37 tilsette i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima og miljø, digitalisering og nye teknologiar og berekraftig reiseliv. Vi arbeider regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Vestlandsforsking arbeider systematisk for å sikre likeverd, mangfald og god kjønnsbalanse. Vi tilbyr godt arbeidsmiljø og gode ordningar for pensjon, forsikring og velferd.
Vi held til ved Campus Sogndal, i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap.
I 2025 flytter vi inn i heilt nye kontorlokale i Svingen på Campus. Sogndal er kjend for flott natur og gode vilkår for friluftsliv. Regionsenteret har òg eit variert teneste-, fritids- og kulturtilbod.
Løn etter avtale.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Røyrgata 4, 6856 Sogndal
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Controller, Økonomistyring og budsjettering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378915885
- Sist endret