LMS koordinator
Helse Førde
- Frist 24.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Koordiator læring og meistring
Pasient- og pårørandeopplæring (PPO) er anerkjent som ei av helseforetaka sine hovudoppgåver. LMS har ei sentral rolle i dette der vi gjennom helsepedagogiske verktøy er med å sikre målretta og strukturerte opplæringstilbud i samarbeid med dei ulike kliniske avdelingane. Tilboda omfattar primært ulike typar diagnosespesifikke gruppetilbud som gir pasientar betre føresetnader for aktiv deltaking i beslutningar og behandling knytt til eigen sjukdom og utfordringar. I tillegg jobbar LMS systemisk med å utvikle helsekompetanse.
LMS koordiantorane har ei sentral rolle i etablering og gjennomføring av ulike former for opplæring tilpassa dei ulike mottakarane med vekting også av brukarerfaring. Vi deltek også i regionalt nettverk og kompetanseutvikling i eigen organisasjon.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og støtte til gjennomføring av kurs, både praktisk og fagleg
- Kontakt med kliniske avdelingar, brukarrepresentantar, kommunar og eige fagmiljø
- Undervisning
- Oppdatering nettsider
- Andre oppgåver knytt til drift
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg utdanning på høgskulenivå
- Må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Det er ein fordel med erfaring frå undervisning
- Det er ein fordel med erfaring frå kommune- og/eller spesialisthelsetenesta
- Særlege kvalifikasjonar knytt til helsefag er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Vandt til å jobbe sjølvstendig og trivast godt i samarbeid med andre
- Serviceinnstilt, fleksibel og løysingsorientert
- Interesse for læring og utvikling, personleg og organisatorisk
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Sjølvstendige arbeidsoppgåver med god fagleg og kollegial støtte
- Deltaking i regionalt fagleg samarbeid og nettverk
- Stor grad av fleksibilitet
- Arbeid med praktisk, akademisk og strategisk innhald
- Godt arbeidsmiljø med stor fagleg breidde
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ergoterapeut, Psykolog, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Vernepleiar, Sosionom, Pedagog, Terapeut, Førde
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378931941
- Sist endret