Førstekonsulent / rådgjevar
Kommunal- og distriktsdepartementet
- Frist 21.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å forme framtidas bustad- og bygningspolitikk?
Bustad- og bygningsavdelinga har ledig stilling som førstekonsulent / rådgjevar i seksjon for budsjett og styring.
Seksjonen har ansvar for avdelinga sitt arbeid med statsbudsjettet, og for etatsstyringa av Husbanken, Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) og Husleigetvistutvalet (HTU). I tillegg har seksjonen ansvar for økonomiske verkemiddel innanfor avdelinga sitt område, mellom anna den statlege bustøtteordninga. Bustøtte er ei lovfesta rettsordning som skal sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein eigna bustad. Seksjonen har òg ansvaret for nokre tverrgåande utviklingsoppgåver i avdelinga, til dømes for Bustadmeldinga som blei lagt fram for Stortinget våren 2024. Seksjonen har utstrekt samarbeid med andre avdelingar, departement og politisk leiing, i tillegg til dei tre etatane som er underlagt avdelinga.
Hos oss får du bidra til at bustad- og bygningspolitikken til regjeringa blir gjennomført med kvalitet og etter den planen som til ei kvar tid gjeld. Du vil løyse spennande oppgåver med stor samfunnsnytte og få eit solid innblikk i departementsarbeidet. Vi samarbeider tett om det vi leverer gjennom god dialog og delingskultur. Vi har eit arbeidsmiljø kjenneteikna av tryggleik, glede og humor. Vi er eit sterkt fagleg sekretariat for politisk leiing og treng fleire gode og samfunnsengasjerte folk med på laget.
Arbeidsoppgåver
Du kjem til å:
- jobbe med å vidareutvikle bustøtteordninga på kort og lang sikt
- bidra i arbeidet med statsbudsjettet i avdelinga
- bidra i ulike utgreiingsarbeid i seksjonen og avdelinga
- utarbeide avgjerdsgrunnlag for politisk leiing
- skrive utkast til svar frå politisk leiing i samband med førespurnader frå media, spørsmål frå Stortinget og liknande
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- fullført relevant mastergrad i samfunnsøkonomi eller annan samfunnsvitskapeleg utdanning med gode karakterar
- kunnskap og interesse for statistikk- og analysearbeid
- interesse for bustadpolitikken og offentleg forvalting
- gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
Som rådgjevar må du normalt ha minst tre års relevant arbeidserfaring.
Det er ønskeleg at du har:
- erfaring med statsbudsjettarbeid og politiske avgjerdsprosessar i offentleg sektor
- erfaring med statistikk- og analysearbeid
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som bidrar til eit godt arbeids- og læringsmiljø gjennom mellom anna å søkje samarbeid og ved å hjelpe kollegaer. Du liker å samarbeide med andre i oppgåveløysinga, ønskjer å lære meir og samtidig utvikle kompetansen din saman med andre.
I tillegg søkjer vi deg som:
- er analytisk og har evne til raskt å sette deg inn i og løyse komplekse problemstillingar
- er faglig engasjert og nysgjerrig
- tar initiativ til løysingar og involverer kollegaer og leiar ved behov
- er nøyaktig og jobbar planmessig og målretta
- både trivst med langsiktig analysearbeid og er fleksibel og kan handtere hasteoppdrag med korte tidsfristar
Vi vil leggje stor vekt på om du er personleg eigna for stillinga.
Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Vi tilbyr
Vi ønskjer deg velkommen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Vi tilbyr:
- kompetanseutvikling i eit sterkt fagmiljø
- fleksibel arbeidstid, betalt overtid og sommartid
- arbeidsplass sentralt i Oslo sentrum
- moglegheit til å trene i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, forsikrings- og pensjonsordningar
- eit aktivt sosialt miljø med mange tilbod til dei tilsette, eige bedriftsidrettslag og bedriftshelseteneste
Som ny i KDD får du heilt frå starten av oppgåver som utfordrar deg, og du får ein fadder som følgjer deg opp. Departementet har eit introduksjonsprogram der du blir kjent med nytilsette i dei andre avdelingane. For tilsette under 40 år er det ei eiga foreining, Ung i KDD.
Nettverket skal bidra til å skape ein arena der unge i departementet kan møtast jamleg til faglege og sosiale samankomstar. Ønskjer du å vite meir om korleis det er å jobbe hos oss, kan du lese meir her https://nettsteder.regjeringen.no/jobbikdd/ansatte-om-kdd/
Løn: Stillinga er lønt som førstekonsulent eller rådgjevar frå kr 540 500-657 300 per år. Stillings- og lønsinnplasseringa kjem an på erfaring og kvalifikasjonar. Vi kan òg vurdere høgare løn for særleg relevante søkjarar.
Frå løna blir det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse.
Autorisasjon: Tilsette i Kommunal- og distriktsdepartementet må kunne autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter sikkerheitslova. Les meir om autorisasjon her https://nettsteder.regjeringen.no/jobbikdd/rekrutteringsprosessen/ (https://nettsteder.regjeringen.no/jobbikdd/rekrutteringsprosessen/)
Slik søker du
Vi er opptekne av kva du kan, erfaringane og kompetansane dine, og vil derfor stille deg nokre faglege spørsmål, framfor å be deg skrive ein søknadstekst. Når du trykkjer på "Søk stillinga" kjem du til rekrutteringsportalen og må logge inn. I portalen er det viktig at du:
- Svarar på spørsmåla du får innleiingsvis. Spørsmåla erstattar søknadsbrev/tekst
- Fyller ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for m.a. å ta vare på kravet om fullstendige søkjarlister
- Laster inn vedlegg (vitnemål, kurs/sertifiseringar og attestar). Utdanning frå utlandet må dokumenterast med godkjenning frå NOKUT eller HKDir
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Les mer om inkludering og mangfold her (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten).
KDD nyttar Semac bakgrunnssjekk i denne rekrutteringsprosessen. Bakgrunnssjekk blir utført etter samtykke frå kandidaten, og inneber mellom anna at vi verifiserer CV og annen søknadsdokumentasjon i samband med tilsettinga. Tilsetting føreset godkjend bakgrunnssjekk.
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentliggjorde sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Kontaktperson: For nærmare opplysningar om stillinga kontakt: fung. avdelingsdirektør Ingrid-Therese Øverland, tlf. 986 77 593 eller e-post Ingrid-Therese.Overland@kdd.dep.no
For spørsmål om rekrutteringsprosessen kan du kontakte senior rekrutteringsrådgjevar i DSS, Trine Havnes Mykløy, på tlf. 959 28 940 eller e-post trine-havnes.mykloy@dss.dep.no.
Om arbeidsgiveren
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har om lag 250 tilsette og er sekretariat for kommunal- og distriktsministeren. Departementet har ansvar for kommuneøkonomi og lokalforvalting, regional- og distriktspolitikk, bustadpolitikk, plan- og bygningslova, kart- og geodatapolitikken, valgjennomføring og politikken overfor samar og nasjonale minoritetar. Departementet har fleire underliggjande etatar og verksemder, mellom anna Direktoratet for byggkvalitet, Distriktssenteret, Husbanken, Husleigetvistutvalet, Internasjonalt reindriftssenter, Kartverket og Valdirektoratet.
Bustad- og bygningsavdelinga har ansvaret for å følge opp bustad- og bygningspolitikken til regjeringa. Avdelinga har etatsstyringsansvaret for Husbanken, Direktoratet for byggkvalitet og Husleigetvistutvalet. Regjeringa har to hovudmål for bustad- og bygningspolitikken:
- Tilgang på eigna bustader og trygge buforhold i heile landet
- Berekraftig byggeverksemd med digitale og effektive byggeprosessar
- Sektor: Offentlig
- Sted: Akersgata 59, 0180 Oslo
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Analyse, Økonomi og regnskap, Samfunnsøkonomi
Nøkkelord
samfunnsøkonom, økonomi, statsøkonomi, offentlig administrasjon og forvaltning, analyse
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379329871
- Sist endret