Avdelingsleiar
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 28.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar
I Sjukehusapoteka Vest (SAV) jobbar det rundt 350 medarbeidarar, delt på fem sjukehusapotek og ein sentraladministrasjon i Bergen. Hos oss arbeidar det farmasøytar, apotekteknikarar, sjukepleiarar, anna helsepersonell, prosjektleiarar og medarbeidarar innan HR, økonomi, IKT og kommunikasjon.
Arbeidet vårt er fordelt på fire verksemdsområde: publikumsapotek, produksjon, sjukehusekspedisjon og farmasøytiske tenester. Ved Sjukehusapoteket i Haugesund (SiH) er det ein avdelingsleiar for kvart av desse forretningsområda, og saman med apotekar utgjer desse leiargruppa til apoteket.
Det er om lag 40 tilsette ved apoteket i dag.
Apoteket er inne i ein spennande periode med å etablere eit anlegg for å pakke om tablettar og kapslar til eindose som skal ut til sjukehusa i heile helseregion vest. I samband med dette blir det no etablert ei ny avdeling ved apoteket, og vi søkjar ein engasjert og motivert leiar til den. Avdelingsleiar vil rapportere til apotekar og inngå i leiargruppa til apoteket.
Arbeidsoppgåver
- Du blir leiar for avdeling for eindose, med personal-, økonomi- og fagleg ansvar for avdelinga si drift og utvikling innanfor rammene til Sjukehusapoteka Vest HF.
- Du har ansvar for å utvikle og sikre leveransar av eindose til helseregion vest.
- Du inngår i apotekar si leiargruppe og bidrar gjennom dette til vidareutvikling av apoteket
- Andre oppgåver kan tilfalle ved behov
Kvalifikasjonar
- Du har gjerne leiarerfaring.
- Du har utdanning innan farmasi på bachelor- eller masternivå.
Personlege eigenskapar
- Du er opptatt av god leiing og motivert for å utvikle eiga avdeling og eigne medarbeidarar.
- Du arbeider systematisk og får ting gjort.
- Du likar å samarbeide og ønskjer å bidra til trivsel og eit godt arbeidsmiljø.
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- ei leiande rolle i eit dynamisk, stort og inspirerande fagmiljø, med eit viktig samfunnsoppdrag i botn
- gode moglegheiter for å utvikle deg fagleg og som leiar
- støttande og samarbeidsvillige leiarkollegaer
- løn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Farmasi og legemiddel, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Farmasøyt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sykehus, apotek, endose, eindose, leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379354258
- Sist endret